Tilkomsten til desse fjella er noko lengre enn det ein opplever på Kolåshalvøya på andre sida av Hjørundfjorden. Det er slik meir vanleg å gjere desse turane litt seinare på vinteren. Men tek ein seg opp til Patchellhytta, har ein eit veldig godt utgangspunkt til fleire av dei villaste toppane i Sunnmørsalpane, slik som Smørskredtindane, Brekketindane og Slogen.

Toppturar med utgangspunkt i Patchellhytta i Habostaddalen  

Patchellhytta er omkransa av nokre av dei flottaste og mest kjende fjella i Sunnmørsalpane. Når ein først har fått rigga seg til på hytta, er desse toppane lett tilgjengelege for erfarne alpinistar. Ein når hytta frå tre ulike sider. Den slakkaste, men lengste går opp Habostaddalen frå Stranda, og her gir ruta seg sjølv. Den kortaste, men desidert brattaste ruta går opp brekka frå gardane på Skylstad i Norangsdalen, som ligg eit par kilometer aust for det kjende Hotel Union på Øye. Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram om lag 12 km på veg 655 til du kjem til Skylstad. Følg jorda over ei bru frå Skylstad-gardane og skrå slakt mot høgre etter brua. Ta no bratt oppover lia på god sti til venstre for Brekkeelva. Følg stien heilt opp i 600-700 meters høgd, før du skråar inn mot passet mellom Slogen og Smørskredtindane og vidare slakt inn mot hytta. Ein mellomting mellom desse ytterpunkta finn ein frå Urke. Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø-Lekneset og hald fram om lag 2 km på veg 655 til du kjem til Urke. Følg skilting til Urkedalen frå veg 655. Parker ved kraftstasjonen ovanfor Haukåssætra, eventuelt lenger nede i dalen dersom vegen er sperra av snø. Følg merkt sti sør for vassdraget til du når snøen. Hald litt vest for botnen av den slakke Langsæterdalen. Gå opp på Steinreset, og stå på ski ned til hytta i Habostaddalen. Turen tek om lag to timar frå kraftverket.

Hjørundfjordområdet

Kjerneområdet for Sunnmørsalpane finn ein på kvar side av den langstrekte og vidgjetne Hjørundfjorden, på vestsida av fjorden har ein Kolåshalvøya og på austsida Rånahalvøya. Her er topografien prega av eit typisk alpint landskap. På tvers av fjorden finn ein dalar og hengedalar under dei majestetiske fjelltoppane som stuper 1000-1600 meter ned i fjøresteinane. Dei finaste skiturane er lokaliserte kring Ørsta sentrum, Standalhytta, Patchellhytta og Molladalen. Tidleg på vinteren er det fjella like ovanfor Ørsta som er dei mest populære skifjella. Her finst det toppar og nedkøyringsalternativ for ein kvar smak og på alle nivå berre eit par timars gange frå bilen. Litt seinare på vinteren er det området ved Standalhytta som er mest populært, med skiturar i flotte omgivnader til toppar som Kolåstinden, Sætretindane, Standalhornet og mange fleire. Patchellhytta ovanfor Hotel Union på Øye er utgangspunkt for dei våtaste draumar ein skikøyrar kan drøyme: Slogen, Smørskredtindane og Brekketindane. Det same kan seiast om Molladalen, med ultraklassikaren Randers’ Topp som det absolutte høgdepunktet. Vi har valt å skildre flest turar frå dette området – både fordi vi meiner dette er det mest spennande fjellområdet i Sunnmørsalpane, og fordi det er dette området vi kjenner best sjølve.