Du kan bestige Sunnfjordbjørnen frå ulike kantar, og ned Skålebotnen vert du lønna med vel 1000 samanhengande høgdemeter i ei jamn nordvend side. Her får du store natur- og skiopplevingar i eit brelandskap til å bli bergtatt av.

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til enden av Haukedalsvatnet, og vidare til Grøning inst i Haukedalen. Du køyrer til enden av vegen og finn ein høveleg parkeringsplass langs vegen. 

Frå Grøning går du austover om lag 700-800 meter på traktorveg, og kryssar brua over elva Gaula. Vidare følgjer du vestsida av Botnaelva oppover til Breibotnen. Frå Breibotnen følgjer du ein markert rygg mot nordaust til høgda 1177 moh. Hald fram søraust via Såta og høgde 1451 moh. til du når toppen av Sunnfjordbjørnen.