4.5.1 Opp via Kvanneskaret Utfordrande, E2, GV

Du følgjer skogsvegen mot Veitebergsdalen til kraftdemningen. Du kryssar elva ved brua om lag 200 meter lenger oppe, og held fram nordvest mot Kvanneskaret. Første del av oppstigninga mot skaret er den brattaste delen av ruta og krev gode val av rute. Når terrenget vidar seg litt ut følgjer du det slakaste terrenget, og held venstre side av skålformasjonen. Vidare går du sør for fjellformasjonen øvst i Kvanneskaret, lokalt kalla for Svartenipa. Når terrenget flatar ut går du nordover siste stykket mot toppen. 

Nedkøyring: Det er vanleg å følgje same ruta ned. Du kan få ei litt brattare nedkøyring i skålformasjonen på nordsida av Svartenipa. Det er og mogeleg å køyre på ryggen av Svartenipa for å få litt meir eksponert terreng.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 290 moh.
  • Sesong: Januar – mai
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 1130 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 31-33 grader (550-750 moh.),  24-26 grader (750-1300 moh.) 
  • Tips: Om våren bør du starte tidleg på dagen sidan snøen i det bratte henget mellom dalbotnen og Kvanneskaret blir kraftig oppvarma av sola.
  • Farar: Det brattaste henget mellom dalbotnen og Kvanneskaret er utsett for naturleg utløyste skred frå terrenget over. Det same terrenget er utsett for skiløparutløyste skred når sola varmar opp snøen.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

4.5.2 Ned via Storejølet Komplekst, E2, V

Denne nedkøyringa er krevjande og kan berre gjerast under gode snø- og vêrtilhøve. Frå toppen går ruta sørover langs ei egg som smalnar av etter kvart. Før du når den sørlege enden av egga, svingar  du ned av egga på venstre side. Du følgjer ein svak skålformasjon vidare ned mot Storejølet og Kvernhusgrova. Når du kjem ut av jølet kryssar du grova og følgjer ein ryggformasjon aust for denne nedover mot gardane på Bakke.

  • Sesong: Februar - april 
  • Himmelretning: Sør
  • Fall: 1140 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Renne
  • Brattaste punkt: 42-44 grader (900-800 moh.), 30-35 grader (1300-1100 moh.), 30-35 grader (1000-900 moh.), parti med 30-35 grader (800- 600 moh.) 
  • Tips: Du bør starte turen tidleg på dag sidan ruta er solvend og snøen vert våt og fuktig utover dagen
  • Farar: Fare for naturlig utløyste skred på grunn av soloppvarming. Terrengfelle i botnen av Storejølet.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.