FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Tortnegrøegga

Tortnegrøegga er blitt ein populær skitopp, og beviset på at alle gode ting er meir tre!

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Skei og Stardalen
    • Toppunkt: 1414
    • Høydemeter: 1120
    • Faremomenter: Overhengande skalv langs ryggen mot toppunktet.
    • Himmelretning: Aust
    • Bratteste punkt: 30-37 grader
    • Startsted: Befringselva
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember – mai

    Ein: I den austvende sida legg snøen seg ofte tidleg og ligg langt ut på våren. To: Toppen lokkar med ei side på rundt 800 høgdemeter der du sjølv kan velje og vrake i helling og open skog å leike deg i. Tre: Fjellet er ein lett tilgjengeleg topp i vakre og dramatiske Befringsdalen. Fire: I det du bikkar toppen opnar utsikta seg mot Jølstravatnet, i tillegg til fjell og brear.

    Tilkomst/parkering: For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring, tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. 

    4.6.1 Opp via Flateheia Utfordrande, E1, GV

    Frå Befring følgjer du skogsvegen opp i Befringsdalen. Du kan òg gå opp røyrgata frå kraftstasjonen som ligg der skogsvegen startar. I Befringsdalen kryssar du Befringselva like nedanfor demninga. Frå elva skrår du mot sørvest opp gjennom skogen til du ser rett ned på Flatjordstøylen og Grepstadstøylen. Herifrå går du mot vest i jamn stigning opp sida. Når du nærmar deg toppen legg du sporet mot det lågaste punktet i skaret. Her vil du oftast finne ein stad du kan passere skavlen som heng langs austsida av egga. Frå skaret følgjer du ryggen i nordleg retning opp til varden.

    Alternativ oppstigning: Der terrenget flatar ut i botnen kan du å gå nordover, og følgje ryggen sørvestover direkte til toppunktet på 1414 moh. Det øvste partiet her er 31-34 grader bratt (1320-1400 moh.). Denne ruta er like vanleg som å gå opp i skaret. Den er eit godt alternativ om skavlen i skaret er vanskeleg å passere.

    Nedkøyring: Du kan bruke den same ruta som nedkøyring. Her er mange alternative linjer med varierte utfordringar og brattheit i den vide sida mellom dei to toppane langs egga.

    • Tid: Middels 3-6 timar 
    • Starthøgde: 300 moh. (600 moh. på toppen av Befringsbakkane)
    • Sesong: Desember – mai 
    • Himmelretning: Aust 
    • Stigning: 1120 høgdemeter (820 høgdemeter frå toppen av Befringsbakkane)
    • Terrengformasjon: Dal, side
    • Brattaste punkt: 27-30 grader (840-920 moh.), 30-37 grader (1320-1350 moh.) i området du passerer skavlen 
    • Tips: På grunn av teleløysing er skogsvegen til Befringsstøylen ofte stengt om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. Om elva er open kan du krysse henne over hengebrua ved Flatjordstøylen. Nedste del av røyrgata i skogen og ned til kraftverket på Befring gir omlag 250 høgdemeter  med fin skikøyring.
    • Farar: Overhengande skalv langs ryggen mot toppunktet.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    4.6.2 Ned via Fletebotnen Utfordrande, E1, GV

    Frå toppunktet køyrer du ned det første bratte henget langs ryggen mot nordaust. Du svingar deretter mot venstre og ned den nordaustvende sida nord om ryggen. Køyr ned heile sida til terrenget flatar ut og fortset vidare ned bjørkeskogen i retning mot kraftdemninga du passerte under oppstigninga. Vidare følgjer du same ruta som du kom opp.

    • Sesong: Desember – mai 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Fall: 1120 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 31-34 grader (1400-1320 moh.), 29-32 grader (1320-1000 moh.)
    • Tips: Snøen ligg ofte lenge i den nordlegaste elvedalen ned mot skogsvegen som går langs vestsida av Befringsdalen
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå