3.2.1 Opp ryggen via Gygraklovet Utfordrande, E1, GV

Frå parkeringa går du opp bøen sør for Svidalselva. Deretter går du vidare gjennom eit relativt kort skogsområde opp mot ryggen som tek deg mot Gygraklovet. Herifrå følgjer du ryggen vidare opp mot toppen. 

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 325 moh.
  • Sesong: Desember – april
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 760 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Rygg
  • Brattaste punkt: 29-31 grader (730-850moh.)
  • Farar: Terrengfelle i stigninga etter Gygraklovet
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

3.2.2 Ned Storebotnen Utfordrande, E1, GV

Denne ruta går ned den austvende Storebotnen. Grunna skavldanning ved toppen av skålformasjonen, er det mest vanleg å køyre et lite stykke langs den nordlege ryggen til du finn ein høveleg plass å køyre inn i botnen. Nedst i botnen finn du den vanlegaste og slakaste ruta langs den nordlegaste elvedalen ned mot Svidalselva.

  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Aust
  • Fall: 760 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 29-31 grader (730-850 moh.) og 28-30 grader (860-800 moh.)
  • Farar: Skavldanning ved toppen av skålformasjon
  • Vanskegrad: Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.