FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Syskarnipa, Kvitsvornipa og Skåhammarsegga

Desse fjella ligg i eit landskap som er ganske ulikt det meste anna Sunnfjord har å by på. Dalføra her er tronge og omkransa av bratte og dramatiske fjellsider.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Nordsida av Jølstravatnet
    • Toppunkt: 1282
    • Høydemeter: 1010
    • Faremomenter: Langs ryggen frå Trollet og heile vegen til skaret før Syskarnipa legg det seg store skavlar mot Ålhusdalen.
    • Himmelretning: Sør
    • Bratteste punkt: 31-33 grader
    • Startsted: Bensentunet
    • Tid opp/ned: 5-10 timar
    • Beste sesong: Desember – mai

    Det er med å samle mykje snø, og gir ofte gode snøforhold gjennom store delar av sesongen. Oppstigingane via ryggane i dette landskapet gir naturopplevingar på høgde med det beste i landet. Ønskjer du oppstiging langs smal og luftig egg, er Skåhammarsegga ruta for deg. Likar du brattare utfordringar er Kvitsvornipa eit godt alternativ. Oppstigingane kan du kombinere med nedkøyringane til ulike rundturar. 

    Tilkomst/parkering: Ta av frå E39 mot Øvrebø ved Eikaasgalleriet på Ålhus. Etter vel ein km tek du av til venstre like etter Bensentunet, eit gammalt gardstun frå 1600-talet, som ligg på oppsida av vegen. Parker ved driftsbygningen på første garden du møter.  Dersom du ønskjer å gå opp Skåhammarsegga, køyrer du heilt inst i dalen og finn parkering langs vegen mellom Indrebø og Dalebø. Det er framtidige planar for toppturparkering på begge desse stadane. 

    3.5.1 Opp Syskarnipa via Trollet og Sølvet Utfordrande, E1, GV

    Dette er den vanlege oppstiginga. Frå garden der du parkerte bilen, held du fram nordover langs vegen inn i Nedrebødalen. Etter nokre hundre meter der skogsvegen flatar ut, tek du mot aust like etter at du har passert eit gammalt uthus/løe. Herifrå følgjer du ein kort skogsveg og legg deretter sporet nordaust opp mot ryggen som vil ta deg vidare mot Blåfjellet. Følg ryggen vidare mot Trollet, Sølvet, Kvitsvornipa og Syskarnipa.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 270 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Sør
    • Stigning: 1010 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 31-33 grader (630-680 moh.) og 27-29 grader (1080-1180 moh.)
    • Tips: Om våren må ein ofte bere skia nokre hundre meter i starten. Rutene Storeskreda frå Kvitsvornipa og Stølsjølet frå Kvitsvornipa går ned frå Kvitsvornipa, som er siste toppen langs ryggen før Syskarnipa.
    • Farar: Langs ryggen frå Trollet og heile vegen til skaret før Syskarnipa legg det seg store skavlar mot Ålhusdalen.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.5.2 Opp Skåhammarsegga Utfordrande, E3, V

    Den første delen av turen følgjer du traktorvegen vel tre kilometer oppover Ålhusdalen. Her må du krysse Gotdalsevla før du startar på oppstiginga mot Litlefjellet. Om våren kan det vere utfordrande å krysse Gotdalselva. Oppstiginga mot Litlefjellet startar langs ryggen Aksla. Frå Aksla går stiginga over i ei brei og bratt side til du kjem opp på toppen av Litlefjellet. Turen frå Litlefjellet mot toppen går først langs eit platå med fin utsikt til dei nærliggjande toppane før terrenget blir brattare siste partiet. Frå toppen av egga kan du gå vidare sørover til toppen av Syskarsnipa eller køyre direkte ned i Ålhusdalen.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Aust
    • Stigning: 1000 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 30-35 grader (670-850 moh.), 30-40 grader (1020-1150 moh.)
    • Tips: Ryggen mot toppen heller noko mot sør. Det gjer at snøen ofte vil smelte på ettermiddagen om våren, og fryse til over natta og gi skare. Sjølv ved enkle forhold, vil dei fleste ta av seg skia og gå til fots opp dette partiet. 
    • Utstyr: Skarejern. Stegjern og isøks ved vanskelege forhold.
    • Farar: Ryggen opp mot Skåhammarsegga kan vere utsett for utgliding på skareføre. Det kan danne seg skavlar langs ryggen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.

    3.5.3 Ned Ålhusdalen frå Syskarnipa og Skåhammarsegga Komplekst, E1, GV

    Frå Syskarnipa er det vanleg å legge sporet direkte ned frå toppen austover mot Ålhusdalen, men frå både Syskarnipa og Skåhammarsegga kan du velje ulike linjer over heile sida.  Det er fleire ryggar du kan følgje ned sida, for tryggast mogeleg sporval ned i dalbotnen. Når du er framme ved stølshusa på Brekka, køyrer du ned det første bratte henget på vestsida av elva, før du fortset ut dalen til Indrebø. Du kan òg køyre noko lengre mot aust for stølen og ned traktorvegen på austsida av elva.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Aust
    • Fall: 1000 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 30-33 grader (980-760 moh.)
    • Tips: Den vanlegaste ruta er ein fin rundtur, som går opp Syskarnipa via Trollet og Sølvet. Om du vil gjere rundturen, er det praktisk å plassere ein bil på Indrebø. 
    • Farar: Det siste partiet før Brekka går i utløpssone for store skred frå ryggen mot sør.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.5.4 Ned Storeskreda frå Kvitsvornipa  Komplekst, E3, V

    Dette er ei flott linje med spennande terreng som ein ser heile vegen under oppstiginga via Trollet og Sølvet. Frå den vestre toppen av Kvitsvornipa held du mot sørvest langs ryggen til høgde 1100 moh. og inngangen til renna. Terrenget er litt slakare i starten, men ligg relativt jamt på 35-37 grader ned til om lag 700 moh. Småryggar og renneformasjonar gir variasjon i køyringa. Frå botnen av renna følgjer du grova 100-200 meter, og tek deretter ut til høgre til den opne sida ned mot dalbotnen. Herifrå følgjer du vegen ut Nedrebødalen.

    • Sesong: Februar – april
    • Himmelretning: Søraust og sør
    • Fall: 950 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Renne
    • Brattaste punkt: 35-37 grader (1100-670 moh.)
    • Tips: Sola tek tidleg i denne sida, så start turen tidleg
    • Farar: Terrengfelle på om lag 700 moh. der fleire renneformasjonar møtast.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.

    3.5.5 Ned Støylsgjelet frå Kvitsvornipa  Komplekst, E2, V

    Dette er den freistande sida som du ser rett inn i når du går langs ryggen frå Blåfjellet via Trollet på veg mot Syskarnipa. Snøen her er ofte laus og fin, godt beskytta frå vestavêret. Frå den austlegaste toppen på Kvitsvornipa følgjer du den søraustvende sida, i relativt slakt terreng dei første vel 200 høgdemeterane. Her skiftar ruta karakter og blir brattare ned langs vestsida av Støylsgjelet til Nedrebøstøylen. Frå stølen følgjer du vegen ut dalen.

    • Sesong: Desember – april
    • Himmelretning: Søraust og sør
    • Fall: 950 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 33-36 grader (950-680 moh.)
    • Tips: Om du har lyst på nokre hundre høgdemeter ekstra skikøyring kan du køyre ned dei første vel 200 høgdemeterane av denne ruta før du fortset over ryggen mot Syskarnipa.
    • Farar: Ver merksam på terrengfella i elvegjelet under deg der terrenget blir brattare
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Nordsida av Jølstravatnet med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå