FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Sygnesandsnipa

Når du kjem køyrande innover Kjøsnesfjorden ser du den steile Søgnesandsnipa med stupbratte fjellsider som går rett ned i fjorden.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
    • Toppunkt: 1548
    • Høydemeter: 1200
    • Faremomenter: Naturleg utløyste skred og steinsprang frå den soleksponerte sida over Lundeskaret. Søgnesandsnipa har du bratte fjellsider ned mot Lunde og Kjøsnesfjorden med overhengande skavl.
    • Himmelretning: Nordaust
    • Bratteste punkt: 42-44 grader
    • Startsted: Utkikksplass like før Fjærlandstunnelen
    • Tid opp/ned: 5-10 timar
    • Beste sesong: April - juni
    • Ekstra utstyr: Stegjern og isøks

    Nipa lokkar med dramatisk utsikt, men likevel er det nok sjølve oppstigninga og nedkøyringa via Lundeskaret du i etterkant vil hugse som det mest spektakulære. Lundeskaret var tidlegare ferdselsveg frå Jølster til Fjærland, og er i dag ein av DNT sine brattaste sommarturstiar. Om vinteren og våren vert Lundeskaret omgjort til ei perfekt, krevjande renne!

    Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til Skei. Ta av mot rv5 skilta mot Sogndal og Fjærland. Parker på utkikksplass like før Fjærlandstunnelen. 

    5.11.1 Opp via Lundeskaret Komplekst, E3, MV

    Frå parkeringa kryssar du vegen og finn sommarstien mot Lundeskaret på høgre sida av elva. Følg stien opp mot Lundeskaret til du kjem opp i snøen. Skaret er så bratt at du må gå på skoa med skia på sekken. Frå toppen av Lundeskaret held du fram mot sørvest, og skrår opp lia litt nordaust for Grytevatnet. Gå vidare i retning mot Tuva (1304 moh.). Følg ryggen mot sørvest, og der terrenget flatar ut svingar du mot nordvest opp mot toppen av Sygnesandsnipa. 

    Nedkøyring: Ruta opp Lundeskaret vert òg brukt som nedkøyring. 

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 350 moh.
    • Sesong: April - juni
    • Himmelretning: Nordaust
    • Stigning:1200 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Renne og rygg
    • Brattaste punkt: 42-44 grader (960-980 moh.), 38-42 grader (850-960 moh.), 31-38 grader (550-850 moh.)
    • Tips: Det er verd å svinge innom Tuva. Her får du den mektigaste utsikta
    • Utstyr: Stegjern og isøks
    • Farar: Naturleg utløyste skred og steinsprang frå den soleksponerte sida over Lundeskaret. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt. På toppen av Søgnesandsnipa har du bratte fjellsider ned mot Lunde og Kjøsnesfjorden med overhengande skavl.
    • Vanskegrad: Svært (meget) vanskeleg. 40 – 45 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 grader. Krev god eller spesialisert skiteknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre kan påverke grada. Konsekvens av fall er utglidning. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.

    5.11.2 Ned via Grytevatnet Komplekst, E3, MV

    Frå toppen følgjer du skisporet attende langs det flate partiet. Frå toppen av ryggen køyrer du rett austover ned dalformasjonen mot Grytevatnet. Frå vatnet sklir du i nordaustleg retning attende til toppen av Lundeskaret. Herifrå følgjer du same ruta attende til parkeringa.

    • Sesong: April – juni 
    • Himmelretning: Aust og nordaust 
    • Fall: 1200 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side og renne 
    • Brattaste punkt: Lundeskaret 42-44 grader (960-980 moh.), 38-42 grader (850-960 moh.), 31-38 grader (550-850 moh.) Aust mot Grytevatnet 36-40 (1220-1020 moh.), 28-32 grader (1480-1220 moh.)
    • Tips: Sola tek tidleg i denne sida. For å køyre denne linja trygt er det ein føresetnad med nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start”. Studer linja under oppstigninga.
    • Farar: Sidan underlaget er av sva nedst mot Grytevatnet kan det pga. oppvarming vere store sigesprekker i dette området. Nokre sesongar er det ikkje mogeleg å passere desse i nedre halvdel av sida. Sidan Grytevatnet er regulert kan isen vere utrygg. Terrengfelle i brå overgang frå bratt side mot Grytevatnet.
    • Vanskegrad: Svært (meget) vanskeleg. 40 – 45 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 grader. Krev god eller spesialisert skiteknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre kan påverke grada. Konsekvens av fall er utglidning. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.
    Kart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Lundeskaret og Kjøsnesfjorden. Foto: Atle Lunde. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå