2.5.1 OPP VIA KNOLTEN ENKELT, E1, LV

Turen startar på velteplassen ved Svorstøl og går eit kort stykke på skogsveg. Følg elveleiet i austleg retning, og skrå deg mot det flate partiet nord for Knolten. Her legg du sporet til høgre for granskogen. Du kryssar oppover i fin bjørkeskog, og etter skoggrensa held du fram austover i sida opp mot Svorstølsheia.

Nedkøyring: Du køyrer ned same ruta som du gjekk opp.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 390 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Vest
  • Stigning: 590 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 25-27 grader (600 -700 moh.)
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.