FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Supphellenipa

Supphellenipa reiser seg opp frå den kvitkledde snøkåpa over Jostedalsbreen, og har vore eit landemerke for fleire av dei gamle ferdselsvegane over breen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Fjellskiturar
    • Toppunkt: 1731
    • Høydemeter: 1576
    • Kilometer: 36.8
    • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen og Sogndal 1:50.000
    • Startsted: Befring
    • Beste sesong: Mars - juni
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    Kontrastane er store frå turstart i den grøne og frodige Befringsdalen til dei store snøviddene på breplatået, der du kjem tett på både fjellmassivet Hurrungane og den langstrekte Fjærlandsfjorden. På ein varm, solrik vårdag vil denne turen ta deg gjennom eit ekte fjellskiparadis. Om du vil forlenge naturopplevinga, kan du legge inn ei overnatting på Kvannebakkbu, og ta inn den fargesprakande solnedgangen over Jostedalsbreen.

    Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering.

    • Sesong: Mars - juni
    • Stigning: 1576 høgdemeter ved start frå Befring 
    • Fall: 1576 høgdemeter
    • Lengd: 36,8 km
    • Utstyr: Breutstyr
    • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen og Sogndal 1:50.000
    • Tips: Du kan legge inn ei overnatting på Kvannebakkbu

    8.8.1 Befring - Kvannebakknova Utfordrande, E2, GV

    Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er eit av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola. Dersom vegen er brøytt til Befringsstøylen, er anmarsjen relativt kort. Du følgjer skogsvegen heilt opp til parkeringa ved kraftdemninga. Frå parkeringa går du mot Befringsstøylen og vidare søraust mot Skaret og Strupen. Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova. Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under Kvannebakknova, mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet. Ved Snoadvarden kan du runde opp på Kvannebakknova der du finn hytta Kvannebakkbu. Denne ligg like nord for Snoadvarden.

    • Starthøgde: 300 moh. ved start på Befring, 600 moh. ved start i Befringsdalen
    • Stigning: 1225 høgdemeter
    • Fall: 14 høgdemeter
    • Lengd: 9,4 km
    • Brattaste punkt: 25-28 grader (1000-1400moh.) opp Kvannebakknova.
    • Farar: Etappen er innom breen rett før toppen. Ved skare er det fare for utgliding under traversen i sida under Kvannebakknova. I same partiet kan du vere eksponert for skavldanning som ofte heng langs austsida av topplatået
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    8.8.2 Kvannebakknova - Supphellenipa Utfordande, E1, L

    Frå Kvannebakknova tek du deg ned att på breplatået ved Snoadvarden. Herifrå går turen vidare i jamn stigning. Du har få referansepunkt over breplatået, og vêret kan endre seg raskt. Ta ut kompasskurs frå Snoadvarden austover mot breskjæret, fjellet som stikk opp like nordvest for 1734 moh. Du er no på det mange kallar «Noregs tak». Frå 1734 moh. kan du ta ny kompasskurs austover mot den sørlege delen av breskjæret ved høgda 1706 moh. Supphellenipa er ein markant topp i det kvite snølandskapet, og sjølve toppen når du via ryggen som vender mot nordvest.

    Heimtur: Du følgjer same ruta ned som opp. Det er også mogeleg å køyre ned til Fjærland via Supphellebreen, Flatbreen og Flatbrehytta. Denne nedstigninga er mykje brukt av skigåarar som har gått «Josten på langs».

    • Stigning: 269 høgdemeter
    • Fall: 68 høgdemeter
    • Lengd: 9 km
    • Brattaste punkt: 20-25 grader (1620-1730 moh.) mot toppunktet
    • Tips: Under orientering på bre er det lurt å rekne ut distanse og estimere tidsbruk mellom referansepunkt. Legg merke til høgdeendringar i terrenget, eller følg med på høgdemålar
    • Farar: Snødekt bre.
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart med inntegnet rute av fjellskiturar i Sunnfjord. Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Janne Eikås. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå