FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Sunnfjordbjørnen

Sunnfjordbjørnen er ein juvel inst i Haukedalen der den ligg som ei krune i kanten av ­hJostefonni, som er eit sjølvstendig breplatå i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Rørvikfjellet og Haukedalen
    • Toppunkt: 1615
    • Høydemeter: 1260
    • Faremomenter: Bresprekker nær platået
    • Himmelretning: Nordvest og sørvest
    • Bratteste punkt: 30-38 grader
    • Startsted: Grøning
    • Tid opp/ned: 5-10 timar
    • Beste sesong: Desember - mai
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    Du kan bestige Sunnfjordbjørnen frå ulike kantar, og ned Skålebotnen vert du lønna med vel 1000 samanhengande høgdemeter i ei jamn nordvend side. Her får du store natur- og skiopplevingar i eit brelandskap til å bli bergtatt av.

    Tilkomst/parkering: Følg fv483 til enden av Haukedalsvatnet, og vidare til Grøning inst i Haukedalen. Du køyrer til enden av vegen og finn ein høveleg parkeringsplass langs vegen. 

    6.9.1 Opp via Breibotnen og Såta UTFORDRANDE, E1, GV

    Frå Grøning går du austover om lag 700-800 meter på traktorveg, og kryssar brua over elva Gaula. Vidare følgjer du vestsida av Botnaelva oppover til Breibotnen. Frå Breibotnen følgjer du ein markert rygg mot nordaust til høgda 1177 moh. Hald fram søraust via Såta og høgde 1451 moh. til du når toppen av Sunnfjordbjørnen. 

    Nedkøyring: Oppstigninga kan nyttast som nedkøyring.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 360 moh.
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nordvest og sørvest
    • Stigning: 1260 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 30-38 grader(1180-1260 moh.)
    • Tips: Turen kan kombinerast som del av ein rundttur der du går opp via Breibotnen og Kvannegrøfjellet
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Bresprekker nær platået
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.9.2 Opp VIA Breibotnen og Kvannegrøfjellet UTFORDRANDE, E1, GV

    Du følgjer ruta fram til Breibotnen, som skildra under ruta opp via Breibotnen og Såta. Etter å ha komme inn i botnen, går du i sørvestleg retning opp dalføret mot skaret mellom høgdene 1068 moh. og 1319 moh. Herifrå går du langs ein ryggformasjon mellom Breibotsvatnet og Kvannegrøvatnet via høgdene 1319 moh. og 1508 moh. og fram til toppen av Sunnfjordbjørnen. 

    Nedkøyring: Oppstigninga kan nyttast som nedkøyring.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 360 moh.
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nord og vest
    • Stigning: 1260 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg 
    • Brattaste punkt: 31-35 grader (1240-1280 moh.)
    • Tips: Turen kan kombinerast som ein del av ein rundttur der du går opp via Breibotnen og Såta
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Bresprekker nær platået
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.9.3 Ned via Skålebotnen UTFORDRANDE, E1, GV 

    Denne ruta gir den finaste nedkøyringa, og det ­anbefalast å kombinere den med ei av dei to oppstigningane for ein fin rundtur. Frå toppen køyrer du nordover inn i ei lang fjellside der du kan leike deg med svingar i ­variert terreng. Hald deg langs dei små ryggformasjonane i ­terrenget. Etter ­Skålebotnen køyrer du i nordvestleg retning mot ­Grøningsstølen. Vidare går ruta langs sørsida av ­Grøningsstølsvatnet. Etter å ha kryssa elva, har du eit slakt og fint renn ned på nordvestsida av Gaula fram til Grøning der bilen er parkert. 

    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nord og nordaust
    • Fall: 1260 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 30-32 grader (1020-980moh. og 790-760 moh.)
    • Tips: Dersom elva er vanskeleg å krysse ved Grøningsstølsvatnet kan du følgje elva på austsida ned til brua du kryssa på veg opp 
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Frå ca. 1615-1200 moh. er du på bre
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Laussnøkøyring frå Sunnfjordbjørnen midt i april. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå