7.3.1 Opp via Skarvatnet UTFORDRANDE, E1, LV

Du tek til på oppstigninga heilt nede ved vegen på nordsida av Myravatnet. Starten på turen er litt utydeleg. Etter å ha passert ei grind, må du forsere dei første høgdemetrane i litt tett skog. Du går opp aust for Skarelva. Det er nokre gjel langs elva, som du bør halde avstand frå. Frå Skarvatnet går du om lag rett vest oppover sida til toppen av Storfjellet. Her er det svake ryggformasjonar som er naturlege å følgje for å gjere gode sporval. 

Nedkøyring: Ruta opp vert oftast nytta som nedkøyring, men her er fleire andre spennande parti som du kan utforske.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøde: 440 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 740 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 25-27 grader (740-1000 moh.)
  • Farar: Hald god avstand til Skarelva, fordi det er ein del gjel langs elva
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.