3.3.1 Opp via Midttunsstøylen Enkelt, E1, LV

Frå parkeringa går du opp dyrka mark aust for Bergselva. Du passerer ein gamal gardsfjøs og går deretter vidare langs traktorvegen til du kjem til Gamlestøylen (550 moh.). Her svingar du nordaust til du møter nokre eldre stølshus inst i dalen. Like etter kryssar du elva og går nordover mot ein ryggformasjon. Denne ryggen fører deg først i slakt terreng nordvestover før den svinger mot nordaust til toppen.

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer samme rute som oppstigninga.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 345 moh.
  • Sesong: Desember – april
  • Himmelretning: Sørvest
  • Stigning: 820 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal 
  • Brattaste punkt: 27-28 grader (920-1000 moh.)
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

3.3.2 Ned via Sørleg side Utfordrande, E1, LV

Dersom du ønskjer ei brattare nedkøyring legg du sporet rett sørover frå toppen mot Midttunsstøylane. Frå stølen følgjer du same ruta ned att til parkeringsplassen. Frå Gamlestøylen er det skog og kratt. Du kan velje om du vil køyre ned traktorvegen eller leike deg i skogkledde parti. 

  • Sesong: Desember – april
  • Himmelretning: Sør og sørvest
  • Fall: 840 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 28-30 grader (1020-900 moh.)
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

3.3.3 Ned via Nedrebødalen Komplekst, E2, V

Dette er ei spennande nedkøyring i beskytta snø ved vestleg vindretning. Nedkøyringa går i den austvende skålformasjonen frå toppen. Ved utgangen av skåla på 700 moh., bør ein køyre mot høgre og unngå sida over elvegjelet. Traverser høgt oppunder fjellet mot høgre for å unngå eit bratt klippeparti; «Klurefjellet» midt i dalføret. Hald fram ut Nedrebødalen og langs skogsvegen på venstre side av elva til Ålhus.

  • Sesong: Januar - mai
  • Himmelretning: Sør
  • Fall: 900 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 33-35 grader (1100-850 moh.), 37-39 grader (700-620 moh.)
  • Tips: Ruta er ein fin rundtur om du vel å gå opp frå Svidalen, og køyrer ned til Ålhus. For å unngå å bruke to bilar, kan du gå opp frå Ålhus via ruta Opp Blånipa via Ålhusstøylen og følgje ryggen vestover til Steinegga.
  • Farar: Det kan danne seg skavlar i inngangen til skålformasjonen. Unngå terrengfella i elvegjelet ved utgangen av skålformasjonen ved å køyre mot høgre. Naturleg utløyste skred ut langs Nedrebødalen.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.