FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Søthaugsfjellet

Om du er på klassikaren Olahansfjellet ser du gjerne bort på den nordvende sida til Søthaugsfjellet og tenkjer «der skal eg gå ein gong!».

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
    • Toppunkt: 1483
    • Høydemeter: 1000
    • Faremomenter: Fare for utgliding på det brattaste partiet på Trollebotsegga ved hardt og isete føre
    • Himmelretning: Nord
    • Bratteste punkt: 27-30 grader
    • Startsted: Vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim.
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Januar - mai
    • Ekstra utstyr: Skarejern eller stegjern ved hardt og isete føre langs Trollebotsegga

    Det er mest vanleg å gjere denne turen som ei runde opp via Trollebotnen og Trollebotsegga, og ned att nordsida via Bjørnaholene. Ruta opp Trollebotsegga går i alpint landskap. Som nedkøyring kan du først «mate på» i ei bratt side, og som dessert får du med deg interessant køyring langs morenerygg nedst mot Myklebustdalen. Bon appétit!

    Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. På Myklebust tek du av mot Dvergsdalsdalen og køyrer langs den kommunale vegen til du kjem fram til toppturparkeringa i vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til same toppturparkeringa.  

    5.9.1 Opp via Trollebotsegga Utfordrande, E2, GV

    Følg skogsvegen til Dvergsdalsstøylen, deretter kryssar du elva frå Fagredalen. Hald fram sørover til du rundar Nyken utan å ta høgde, slik at du følgjer dalføret sørover inn mot Trollebotnen. Ved vatnet i Trollebotnen svingar du vestover og følgjer ryggen opp sida. Når du kjem opp på egga følgjer du den sørover mot Trollebotsegga og vidare til Søthaugsfjellet.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 480 moh.
    • Sesong: Januar - mai
    • Himmelretning: Nord
    • Stigning: 1000 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal og rygg 
    • Brattaste punkt: 27-30 grader (1240-1300 moh.)
    • Utstyr: Skarejern eller stegjern ved hardt og isete føre langs Trollebotsegga
    • Farar: Fare for utgliding på det brattaste partiet på Trollebotsegga ved hardt og isete føre
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    5.9.2 Ned via Bjørnaholene Komplekst, E2, V

    Følg same spor tilbake mot høgda 1373 moh. Like før høgda svingar du nordover ned sida som vender mot inste del av Myklebustdalen. Like før du kjem ned i dalføret er det eit bratt parti med moreneryggar der du kan velje fleire renner. Følg dalføret vidare tilbake til Dvergsdalsstøylen og parkeringa.

    • Sesong: Januar – mai
    • Himmelretning: Nordvest
    • Fall: 1000 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 30-33 grader (1380-900 moh.), 35-40 grader (880-780 moh.)
    • Tips: Rundt påske er det ofte skuterspor inn Myklebustdalen som du kan følgje attende til stølen. Frå varden på toppen av sida kan du køyre rett nordover for å få ei brattare nedkøyring.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå