FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Snønipa

Snønipa er omkransa av bre, og som den høgste toppen i Sunnfjord har fjellet lang sesong, der det kan komme nysnø langt ut på våren.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Skei og Stardalen
    • Toppunkt: 1827
    • Høydemeter: 1500
    • Faremomenter: Det flate partiet langs skogsvegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Ruta går over snødekt bre frå innsteget på Haugabreen. Det er store sprekker opp heile breen.
    • Himmelretning: Aust og sør
    • Bratteste punkt: 27-30 grader
    • Startsted: Veitebergsdalen
    • Tid opp/ned: 5-10 timar
    • Beste sesong: Februar – mai
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    «Dronninga av Sunnfjord» er eit ynda mål for både brevandrarar og skientusiastar, og eignar seg godt både som topptur og på fjellski. Både frå Høyset og Veiteberg går du i eit dramatisk fjellområde med bratte heng, brefall og langstrekte vidder innover breen. Ruta frå Høyset blir brukt som ekspedisjonstur av familiar med spreke barn og ungdommar. Frå toppen har du utsikt ut i havet mot vest, og mot Hurrungane og Lodalskåpa i aust. 

    Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek på Klakegg av i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg held du fram på fv453. Om du vil gå turen opp via Veitebergsdalen startar du turen på Veiteberg. Nokre hundre meter etter at du har passert brua over Veitebergselva, kjem du til ein skogsveg som går opp i Veitebergsdalen. Her er det mogleg å finne parkering.  Om du vil ha oppstigning via Haugabreen tek du av på Høyset på fv453 der det er skilta mot Høyset Camping.  Parker ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved campingplassen, eller nede ved fylkesvegen. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen. 

    4.8.1 Opp via Haugabreen Utfordrande, E1, GV

    Du følgjer skogsveg opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen på vestsida av elva nordover mot Haugabreen.  Opp brefallet er det vanlegast å gå langs midten av brearmen. Der breen flatar ut held du fram nordover til du har passert fjellhamrane på venstre sida. Rett etter desse dreiar du mot vest, og går brattare opp brefallet som vender opp mot høgda 1670 moh. Når du er kommen opp det brattaste partiet ser du toppen mot nordvest, og svingar gradvis mot denne. 

    Nedkøyring: Det er vanleg å bruke denne ruta som nedkøyring.

    • Tid: Lang 5-10 timar 
    • Starthøgde: 340 moh. 
    • Sesong: Februar – mai 
    • Himmelretning: Aust og sør
    • Stigning: 1500 høgdemeter 
    • Terrengformasjon: Side og dal
    • Brattaste punkt: 27-30 grader (1720-1810 moh.), 24-27 grader (1300-1380 moh.)
    • Tips: Du bør ha godt vêr og god sikt når du tek denne turen. Det er ein fin rundtur å gå opp frå Høyset og køyre ned att via Veitebergsdalen.
    • Utstyr: Breutstyr
    • Farar: Det flate partiet langs skogsvegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt om skreda ikkje har gått. Ruta går over snødekt bre frå innsteget på Haugabreen. Det er store sprekker opp heile breen.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    4.8.2 Opp via Veitebergsdalen. Utfordrande, E2, V

    Du følgjer skogsvegen opp Veitebergsdalen til endes. Her skrår du deg opp skogen, og siktar deg inn mot den markerte moreneryggen kalla Sollirinden som går opp mot Sollibotnen. Det tryggaste rutevalet er å gå opp moreneryggen. I Sollibotnen svingar du nordaust mot brevatnet og fortset opp første del av brefallet. Du dreiar gradvis nordover i det flate partiet, og kryssar deg opp det bratte brefallet til du kjem opp på breplatået. Du går vidare flatt innover breen og passerer aust for høgda 1687 moh. og vindgryta rundt denne, som lokalt blir kalla Djevelens dansesal. Hald fram nordover til toppen.

    Nedkøyring: Det er vanleg å bruke denne ruta som nedkøyring. Nedover kan du køyre på begge sider av Sollirinden. Ver merksam på at elva kan være opa sør for Sollirinden.

    • Tid: Lang 5-10 timar 
    • Starthøgde: 290 moh.
    • Sesong: Februar – mai 
    • Himmelretning: Sør og vest
    • Stigning: 1540 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side og dal
    • Brattaste punkt: 30-35 grader (700-860 moh.) med eit kort parti på 35-40 grader øvst på moreneryggen, 30-34 grader (1260-1500 moh.)
    • Tips: Du bør ha godt vêr og god sikt når du tek denne turen. Det er ein fin rundtur å gå opp frå Høyset og køyre ned att via Veitebergsdalen
    • Utstyr: Breutstyr 
    • Farar: Fare for utgliding opp morenerygg ved hard skare. Unngå å ta høgde for tidleg inn Veitebergsdalen sidan dette partiet er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Det same gjeld sida nord for Sollirinden. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt for å gjere denne ruta trygt. I brefallet er det store sprekker, noko du må vere spesielt observant på dersom du berre nyttar ruta som nedkøyring. Fare for å køyre ned i vindgryta rundt 1687 moh. ved dårleg sikt.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå