2.1.1 OPP VIA STEHOGESTØLANE ENKELT, E1, L

Frå Kleppstølen går du traktorvegen oppover til du kjem til Stehogestølane. Ta av frå traktorvegen og gå i søraustleg retning mot ein ås/rygg ved foten av fjellet, før du kryssar opp vestsida, og held fram mot Smådalsnipa i oversiktleg og lett kupert terreng. 

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga.

  • Tid: Kort 2-4 timar 
  • Starthøgde: 423 moh.
  • Sesong: Januar – april
  • Himmelretning: Nordvest 
  • Stigning: 510 høgdemeter 
  • Terrengformasjon: Side 
  • Brattaste punkt: 23-25 grader (700-800 moh.)
  • Tips: Alternativ nedkøyring: På veg oppover kan du sjå deg ut ei meir direkte nedkøyring frå toppen til stølen. 
  • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.