FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Slettheia

Slettheia er ein kort, familievenleg tur der unge, ferske toppturentusiastar på relativt få høgdemeter vert lønna med ei storslagen utsikt over Viksdalsvatnet og Haukedalsvatnet.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Viksdalen
    • Toppunkt: 779
    • Høydemeter: 195
    • Himmelretning: Aust
    • Bratteste punkt: 22-24 grader
    • Startsted: Tjørnaland
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember - april

    Nedkøyringa går i open småskog der dei fleste vil oppleve god meistring. Turen startar på fjellgarden Tjørnaland. Her får du kjensla av å oppleve ein stad ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Fjellgarden er framleis i drift, og den kronglete vegen opp er ei oppleving i seg sjølv. 

    Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare mot Indre Eldalen. Her tek du av til ein privat gardsveg som går opp til Tjørnaland. Det er om lag tre kilometer opp til fjellgarden på 585 moh. Parkering finn du på gardstunet etter avtale med grunneigar. Vegen opp er bratt og du bør helst ha firehjulstrekk på vinterføre.

    7.2.1 Opp via Tjørnaland ENKELT, E1, L

    Ruta går i flatt terreng mot vest frå gardstunet og du passerer vatnet Stølstjørna på sørsida. Der er ei bru over elva like sør for vatnet. Deretter går du mot nordvest i eit lett kupert parti, før du svingar opp ryggen som fører opp til toppartiet. Slettheia er den vestlegaste av dei to toppane her. 

    Nedkøyring: Du køyrer ned same ruta som du gjekk opp, eller legg sporet litt lenger mot sør der du finn den finaste skogskøyringa. 

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 585 moh.
    • Sesong: Desember - april
    • Himmelretning: Aust
    • Stigning: 195 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 22-24 grader (650-690 moh.)  
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Viksdalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Leif Kapstad. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå