FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skitur frå Årdal til Nes

Denne fjellskiklassikaren, som går frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal, har sidan 1975 stått på programmet til Indre Sunnfjord Turlag.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Fjellskiturar
    • Høydemeter: 714
    • Kilometer: 27.6
    • Kart: Norge-serien: Ålfotbreen, 1:50.000
    • Startsted: Årdalsdalen
    • Beste sesong: Februar - april
    • Ekstra utstyr: Skredutstyr

    Den populære turen gir ei variert oppleving i dette vakre fjell- og dalføret.  Turen startar mellom steile fjell og djupe dalar med ei bratt oppstigning frå Jølstersida. Terrenget vert lettare kupert vidare til Longevasshytta som er ei sjølvbetent DNT-hytte. Her kan du ta ein pause og nyte hyttelivet før du tek fatt på siste etappe i eit meir ope og oversiktleg landskap mot Naustdal.

    Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og held fram opp Årdalsdalen på vestsida av Årdalselva. Det er skilta toppturparkering med parkeringsavgift der bomvegen startar. Du kan òg køyre litt vidare til parkeringsplassen for lysløypa (parkeringsavgift). For å komme til Nes, køyrer du fv512 frå Naustdal til Nes, og tek av mot Vonavatnet. Vegen mot Vonavatnet er vanlegvis brøytt til opparbeidd parkeringsplass, som er utgangspunkt for oppkøyrde skiløyper vidare til Vonavatnet.

    • Sesong: Februar - april
    • Stigning: 714 høgdemeter
    • Fall: 657 høgdemeter
    • Lengd: 27,6 km
    • Utstyr: Skredutstyr
    • Kart: Norge-serien: Ålfotbreen, 1:50.000
    • Tips: Dei fleste går turen seint på vinteren og om våren.  Det kan vere lurt å snakke med folk som er lokalkjende, eller Indre Sunnfjord Turlag, om både skredfare og kvalitet på is over Stigsvatnet og Vonavatnet før ein legg ut på turen.

    8.4.1 Årdal - Longevasshytta Utfordrande, E1, LV

    Frå parkeringa følgjer du skogsvegen på vestsida av ­Årdalselva og kryssar elva på brua før Dalevatnet. Fortset langs austsida av Dalevatnet til du kjem til Legestøylen. Gå nordover til du kjem opp i ein botn, og drei deretter litt vest på nordsida av Såtehaugen før du følgjer ryggformasjonen i nordleg retning mot Stigsvatnet og passerer høgde 803 moh. på vestsida. Etter Stigsvatnet dreier du gradvis mot vest og fortset over ­Vassvendevatnet til Longevasshytta.

    • Starthøgde: 280 moh.
    • Stigning: 614 høgdemeter
    • Fall: 81 høgdemeter
    • Lengd: 10,9 km
    • Brattaste punkt: Parti med 23-27 grader (480-600 moh.)
    • Farar: Ruta går gjennom utløpssone for skred mellom Legestøylen og Kupevatnet. Større snøskred kan gå tvers over dalføret. Du kryssar dei islagde fjellvatna Stigsvatnet og Vassvendevatnet. Gjer vurdering av iskvaliteten før du kryssar
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    8.4.2 Longevasshytta – Nes Enkelt, E1, LV

    Frå hytta går du vidare i vestleg retning og passerer Inste Langevatnet og Ytre Langevatnet. Herifrå køyrer du ned mot Godtalsvatnet på høgre side av dalføret. Frå ­Gotdalsvatnet følgjer du dalføret på nordsida av elva, forbi Stillevadet og Trongefossen heilt til Vonavatnet. Du held fram over vatnet i nordvestleg retning, og kryssar etter kvart over mot nausta på sørsida av vatnet. Her kjem du inn på skogsvegen og følgjer denne mot parkeringsplassen på Nes.

    • Stigning: 100 høgdemeter
    • Fall: 576 høgdemeter
    • Lengd: 16,7 km
    • Farar: Du kryssar dei islagde fjellvatna Inste Langevatnet, Ytre Langevatnet og Vonavatnet. Gjer vurdering av iskvaliteten før du kryssar
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart med inntegnet rute av fjellturer i Sunnfjord. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå