FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Skafonnfjellet og Høgenipa

Om du besøker Skafonnfjellet, og går vidare langs ryggen til Høgenipa, går du i spora etter William Cecil Slingsby.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Skei og Stardalen
    • Toppunkt: 1307
    • Høydemeter: 950
    • Faremomenter: Fare for utgliding på skareføre opp ryggen mot 909 moh.
    • Himmelretning: Nord
    • Bratteste punkt: 30-33 grader
    • Startsted: Fossheimsdalen
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember - mai

    Han opplevde ruta om sommaren, og uttrykte at «I lang tid gikk vi på den brede rygg av disse imponerende høyder, og så fire, fem tusen fot ned på det blågrønne vann i denne trolske arm av Jølstravann» (Slingsby, 2004, s 163). Vi kan garantere at du får same sterke oppleving når fjellryggen er kledd i kong vinter si kvite praktdrakt. Medan Slingsby måtte gå ned att kan du velje i eit vidt spekter av nedfartar frå «den brede rygg», som med sine «imponerende høyder» er ei breispektra skattekiste frå tidleg vinter til langt ut på våren.  Kanskje du vel kunststykket å køyre gjelet i Nikolai Astrup sin «Kollen»? 

    Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 og tek av der det er skilta mot Fossheim. Tidleg på sesongen finn du parkering ved Fossheim kraftverk. På våren kan du mot avgift køyre opp skogsvegen til Fossheimsdalen. 

    4.2.1 opp Skafonnfjellet via Løkjabottsegga Utfordrande, E1, GV

    Følg skogsvegen frå Fossheim og ta av mot høgre når du kjem opp på siste rette strekninga før demningen. Du går vidare i småkupert terreng i sørvestleg retning mot ryggen mellom 702 moh. og 909 moh. Følg ryggen sørover via Løkjabottsegga til toppen av Skafonnfjellet.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 230 moh. (520 moh. ved demningen i Fossheimsdalen)
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nord
    • Stigning: 950 høgdemeter (640 høgdemeter frå demningen i Fossheimsdalen)
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 30-33 grader (i kortare heng mellom 660-870 moh.)
    • Farar: Fare for utgliding på skareføre opp ryggen mot 909 moh. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    4.2.2 Ned Skafonnfjellet via Fossheimsdalen Utfordrande, E1, GV

    Frå toppen køyrer du ned mot Løkjabottsegga i same retning som du kom opp. Når terrenget flatar ut svingar du aust ned sida som vender mot Ytre Fossheimsstøylen. Hald fram vidare ut dalen, og følg skogsvegen attende.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nord og aust
    • Fall: 950 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 28-32 grader (1130-1080 moh.), 28-32 grader (990-950 moh.)
    • Tips: Det kan vere lurt å halde høgde før Fossheimsstøylen og vidare ut dalføret mot skogsvegen.
    • Farar: Hald avstand til skavldanning mot aust i øvste partiet frå toppen mot Løkjabottsegga.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    4.2.3 Ned Skafonnfjellet via Vikadalen Komplekst, E2, V

    Dette er ei fin nedkøyring i terreng som ofte beskyttar snøen godt for vinden. Frå toppen køyrer du nordvestover ned Vikadalen mot Vikastøylen i ope terreng. Frå stølen følgjer du merka sommarsti som kjem ned til busetnaden på Skei mellom Løkjagrova og Vikaelva.

    • Sesong: Januar – mai
    • Himmelretning: Nordvest
    • Fall: 950 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 28-32 grader (1130-1080 moh.), 35-40 grader (680-500 moh.) 
    • Tips: Studer opningane i skogen ned frå Vikastøylen frå Skei sentrum før turen.
    • Farar: Nedkøyringa frå Vikastøylen er den kritiske delen av denne turen. Terrenget her er bratt og krev stabile snøforhold.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    4.2.4 Ned Skafonnfjellet via Litlefjellgjelet Komplekst, E4, MV

    Dette er ei spektakulær og bratt linje ytst i Kjøsnesfjorden. Gjelet er godt synleg frå vegen langs Kjøsnesfjorden mellom Sunde og Sægrov. Her får du same utsikt mot renna som Nikolai Astrup hadde då han målte biletet «Kollen». Historia seier at Astrup fann kjærleiken i Engel, som seinare vart kona hans, her på Sunde då han arbeidde med dette motivet. Frå toppen av Skafonnfjellet køyrer du langs ryggen via Kleivafjellet, og vidare i vestleg retning ned mot starten av renna.  Inngangen til renna er bratt og smal, og det kan vere snøfritt eller ha forma seg ein skavl her. Frå toppen av renna ser du halvdelen av det brattaste terrenget før renna svingar mot høgre. I dette partiet kan renna variere 3-6 meter i breidde avhengig av snøforholda. Renna utvidar seg etter kvart og vert mindre bratt før terrenget opnar seg siste del ned mot riksvegen.  

    • Sesong: Mars – mai
    • Himmelretning: Sørvest
    • Fall: 950 høgdemeter (730 høgdemeter ned renna)
    • Terrengformasjon: Renne
    • Brattaste punkt: 44-45 grader (950-750 moh.), 35-37 grader (750-450 moh.)
    • Tips: Det er anbefalt å klatre opp renna før du køyrer ned. Under nedkøyringa kan det vere aktuelt å rappellere inn i øvre del av renna. Ved oppstigning kan du parkere på ei utkøyrsle om lag 300 meter aust for der elva kjem ned frå gjelet. 
    • Utstyr: Stegjern, isøks, tau og sikringsmidlar
    • Farar: Det heng ofte is langs begge sidene av renna. Spesielt den isen som heng sørvendt over renna er utsett for å rase ned når sola begynner å ta.
    • Vanskegrad: Svært (meget) vanskeleg. 40 – 45 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 grader. Krev god eller spesialisert skiteknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre kan påverke grada. Konsekvens av fall er utglidning. Fall her gir alvorlege konsekvensar og vil vere livsfarleg. Du må ha svært gode skiferdigheiter for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for E4. Her er det konsekvensen av eit fall, eller ei utgliding, som vert skildra. Normalt vil oppstigninga krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.

    4.2.5 Opp Høgenipa via Skafonnfjellet Utfordrande, E1, GV

    Dette er langturen du går for å få ei samla naturoppleving med ei spektakulær oppstigning. Du følgjer same rute opp til Skafonnfjellet som skildra under Skafonnfjellet opp via Løkjabottsegga. Frå Skafonnfjellet startar vandringa i Slingsby sine fotspor. Du følgjer den kuperte ryggen heile vegen opp mot Høgenipa.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 230 moh. (520 moh. ved demningen i Fossheimsdalen)
    • Sesong: Mars - mai
    • Himmelretning: Nord og aust 
    • Stigning: 1170 høgdemeter (860 høgdemeter frå demningen i Fossheimsdalen)
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 30-33 grader (i kortare heng mellom 660-870 moh.), 27-28 grader (1240-1300 moh.)
    • Tips: Rett aust for høgda 1148 moh. kan det lønne seg å ta ein avstikkar ned mot utkikkspunkt mot Kjøsnesfjorden
    • Farar: Fare for utgliding på skareføre opp ryggen mot 909 moh. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    4.2.6 Ned Høgenipa via Instebotnshøgdene Komplekst,E2,GV

    Frå toppen har du ei fin nedkøyring i den austvende sida som kjem ned inst i Fossheimsdalen. Du held fram ut dalføret på nordsida av Instebotnvatnet, og vidare via Indre Fossheimsstøylen til skogsvegen som du følgjer tilbake.

    • Sesong: Mars - mai 
    • Himmelretning: Aust 
    • Fall: 1080 høgdemeter 
    • Terrengformasjon: Side og dal 
    • Brattaste punkt: 30-33 grader (1300-1000 moh.), 30-33 grader (950-900 moh.)  
    • Tips: Eventyrlystne kan køyre ned renna ned Ytre Førnesgjelet som går sørover mot Kjøsnesfjorden. Du kan på førehand vurdere forholda for denne nedkøyringa frå Sygnesand på sørsida av Kjøsnesfjorden
    • Farar: Ofte skavldanning langs kanten ved starten på nedkøyringa frå Høgenipa
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå