2.4.1 OPP VIA ØYJORDSTØLEN UTFORDRANDE, E1, GV

Frå Sørebø følgjer du skogsvegen til endes forbi Rabben. Kryss deg oppover skogen nær elvesøkket, og sving etter kvart austover opp mot ryggen. Frå ryggen går du rett sørover opp fjellsida i retning mot toppunktet. Følg naturlege små ryggar i terrenget oppover. 

Nedkøyring: Det er vanleg å følge same ruta ned igjen. Før ­ryggen du gjekk opp på er det eit lite, flatt parti med eit søkk. Her er det vanleg å svinge vestover og følgje dalformasjonen du såg til høgre for deg på veg opp. Når du kjem ned i skogen svingar du inn mot sporet du gjekk opp, og følgjer dette tilbake. 

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 350 moh.
  • Sesong: Desember- mai
  • Himmelretning: Nord
  • Stigning: 900 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 27-30 grader (1080-1170 moh.)
  • Tips: Sjå skildring av oppstigning til Høgefjellet dersom du ønskjer oppstigning til Sandfjellet via Nordavatnet. Denne ruta kan også nyttast som nedkøyring.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

2.4.2 NED VIA LANGEDALEN KOMPLEKST, E2, V

Følg oppstigningssporet ned første bratthenget frå toppen. Herifrå køyrer du mot aust til du ser ein renneformasjon. Følg denne vidare nedover Langedalen. Før Knolten er det viktig å halde høgde mens du rundar vestover mot skogsvegen som går attende til Sørebø. 

  • Tid: Desember - mai 
  • Himmelretning: Nord
  • Fall: 900 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side og renne
  • Brattaste punkt: 30-35 grader (1180-800 moh.)  
  • Farar: Skavldanning på austsida av renneformasjonen. Terrengfelle i renneformasjonen krev gode vurderingar av skredfaren.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

2.4.3 OPP VIA PEGILEGJELET UTFORDRANDE, E2, GV

Tilkomst/parkering: Angedalen: Følg fv481 mot Angedalen. Etter å ha passert Indrebø parkerer du like før brua over Angedalselva.   

Følg skogsvegen som går slakt oppover langs nordsida av ­Angedalselva. Idet skogsvegen får ein liten nedoverbakke tek du av mot nordaust. Hald fram i denne retninga til du kjem til ein rygg like ved Tverrelva. Her finn du opning gjennom den ­tette granskogen, og kjem etter kvart ut på eit litt flatare parti. Gå gradvis nordover mot Tverrelva som du skal krysse, og ­fortsett langs elva nordover til terrenget vert brattare. ­Vidare kryssar du oppover ryggen aust for gjelet. Når det vert litt mindre bratt svingar du mot den austlege fjellformasjonen, og går opp på denne. Vidare går du i slakt og fint terreng ­nordover. Når du kjem opp på ein ryggformasjon følgjer du denne i ­nordvestleg retning siste stykket opp mot toppvarden. 

Nedkøyring: Du kan nytte same ruta ned som opp. Det er mogeleg å legge sporet litt vest for oppstigninga i øvste del av nedkøyringa.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 220 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Sør
  • Stigning: 1030 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Bratteste punkt: 27-32 grader (660 – 960 moh.)
  • Farar: Fare for utgliding ved skare opp det brattaste partiet
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

2.4.4 NED VIA BREKKESTØLEN UTFORDRANDE, E1, GV

Frå toppen køyrer du i skispora frå oppstigninga den første ryggen ned austover. Hald fram i austleg retning i sida som vender mot Brekkestølen. Her kjem du inn på ein skogsveg som du følgjer attende. 

  • Sesong: Desember - mai
  • Himmelretning: Aust
  • Fall: 1020 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side 
  • Brattaste punkt: 30-35 grader (740 – 700 moh.), 27-30 grader (960-740 moh.)
  • Tips: Ruta kan nyttast som ­oppstigning
  • Farar: Ver merksam på bratt og trongt parti øvst i elvedalen rundt 960 moh.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.