3.10.1 Opp via Aksla Utfordrande, E1, GV

Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og går deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva. Du følgjer deretter skogsvegen (bomveg) mot Helgheimsdalen. Der vegen flatar ut, legg du sporet mot den austlege fjellryggen, som du følgjer vidare opp mot toppen. 

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga. Sjølv om ruta følgjer ryggen, er snøen her ofte godt beskytta frå vestavinden. Frå ryggen kan du velje fleire ulike linjer ned til den fine skogskøyringa.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Desember - mai
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 860 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Rygg
  • Brattaste punkt: 25-32 grader (650-1000 moh.)
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

3.10.2 Ned via Akslahola Komplekst, E2, V

Akslahola er ei fjellside for dei som er ute etter brattare nedkøyringar. I denne nordaustvende sida av Såtefjellet ned mot Helgheimstøylen, kan du finne urørt pudder på dagar det kan vere vanskeleg å finne det andre stadar i området. 

  • Sesong: Desember - mai
  • Himmelretning: Nordaust
  • Fall: 860 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 33-35 grader (1030-740 moh.)
  • Farar: Skavldanning i øvre del
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.