FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Rundtur via Kvannebakknova og Bjørga

Rundturen via Kvannebakknova til Bjørga er ei av dei kortare fjellskirutene som går innom Jostedalsbreen, og turen eignar seg såleis godt som førsteoppleving av skivandring over breplatået.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Fjellskiturar
    • Toppunkt: 1551
    • Høydemeter: 1568
    • Kilometer: 24.4
    • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen 1:50.000
    • Startsted: Befring
    • Beste sesong: Februar - juni
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    Om du går rundturen i lyse og klåre vårnetter, kan du oppleve ein fargefest av dei sjeldne når sola bikkar over den snødekte horisonten. Frå toppen av Bjørga ventar ei nedkøyring som under gode snøforhold er ein draum på fjellski.

    Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å kome til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengt om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. 

    • Sesong: Februar - juni
    • Stigning: 1568 høgdemeter
    • Fall: 1562 høgdemeter
    • Lengd: 24,4 km
    • Utstyr: Breutstyr
    • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen 1:50.000
    • Tips: Du kan legge inn ei overnatting på Kvannebakkbu

    8.7.1 Befring – Kvannebakknova Utfordrande, E2, GV 

    Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola. Dersom vegen er brøytt til Befringsstøylen er anmarsjen relativt kort. Du følgjer skogsvegen heilt opp til parkeringa ved kraftdemninga. Frå parkeringa går du mot Befringsstøylen og vidare søraust mot Skaret og Strupen. Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova. Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under Kvannebakknova, mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet. Ved Snoadvarden kan du runde opp på Kvannebakknova der du finn hytta Kvannebakkbu. Denne ligg like nord for Snoadvarden.

    • Starthøgde: 300 moh. ved start på Befring, seint i sesongen kan ein parkere på 600 moh.
    • Stigning: 1225 høgdemeter
    • Fall: 14 høgdemeter
    • Lengd: 9,4 km
    • Brattaste punkt: 25-28 grader (1000-1400moh.) opp Kvannebakknova. 
    • Farar: Etappen er innom breen rett før toppen. Ved skare er det fare for utgliding under traversen i sida under Kvannebakknova. I same partiet kan du vere eksponert for skavldanning som ofte heng langs austsida av topplatået.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    8.7.2 Kvannebakknova – Bjørga  Utfordrande, E1, LV 

    Sidan det er få referansepunkt på breplatået kan det vere vanskeleg å orientere seg. Ta ut kompasskurs frå Snoadvarden i sørleg retning, slik at du kan runde i overkant av brefallet som går ned mot Blåvatnet. Du siglar ned frå breplatået og rundar sør for høgda 1570 moh., og går vidare vestover og passerer mellom vatna merka 1308 moh. og 1274 moh. Hald fram i same retning til du står midt mellom høgdene 1436 moh. og 1524 moh. Gå i nordleg retning opp mot ryggen som fører deg vidare til toppen av Bjørga.

    • Stigning: 340 høgdemeter
    • Fall: 299 høgdemter
    • Lengd: 7,5 km
    • Brattaste punkt: 23-25 grader (1420-1360 moh.) ned frå breplatået, sør for høgde 1570 moh.
    • Tips: Under orientering på bre er det lurt å rekne ut distanse og estimere tidsbruk mellom referansepunkt. Legg merke til høgdeendringar i terrenget, eller følg med på høgdemålar
    • Farar: Ferdsel på snødekt bre
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    8.7.3 Bjørga – Befring Utfordrande, E1, LV 

    Frå toppen køyrer du i nordaustleg retning i sida ned mot Rambjørgebotnen. Køyr vidare via ­Befringsstøylen og følg skogsveg ned Befringsdalen. Ved ­Befringsbakkane er det fint å ta av skogsvegen og køyre røyrgata attende til Befring.

    • Stigning: 14 høgdemeter
    • Fall: 1234 høgdemeter
    • Lengd: 7,5 km
    • Brattaste punkt: 25-30 grader (1000-860 moh.)
    • Tips: Les meir utfyllande informasjon om nedkøyring under turskildring av toppturen Bjørga
    • Farar: Nedkøyring delvis på snødekt bre
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart med inntegnet rute av fjellskiturar i Sunnfjord. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Utsikt mot Bjørga frå Kvannebakkbu. Foto: Anne Cecilie Kapstad. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå