5.8.1 Opp via Orkahamrane Utfordrande, E2, GV

Turen startar kring 100 meter sør for sandtaket. Gå mot vest opp lauvskogen og følg opningane i skogen.  Du dreiar gradvis mot nordvest og følgjer ein ryggformasjon aust for dei bratte hamrane. Når terrenget flatar ut svingar du mot vest og rundar deg opp mot toppen. 

Nedkøyring: Du følgjer same rute som oppstigninga. Det er mogeleg å finne parti i fjellet med vindbeskytta snø. Open skog i småkupert terreng legg til rette for leiken skogskøyring ned att til parkeringa. 

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 450 moh.
  • Sesong: Januar – mai
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 500 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 30-38 grader (650-800 moh.)
  • Tips: Etter vêr frå vest kan ein finne mengder med laussnø i renneformasjonane. Du kan forlenge nedøyringa med 250 ekstra høgdemeter ned til Jølstravatnet
  • Utstyr: Skarejern eller stegjern ved hardt underlag
  • Farar: Eksponert for utgliding i partiet like før du kjem opp i det flatare terrenget opp mot toppen
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.