5.7.1 Opp via Bjørnehaugane Utfordrande, E1, LV

Du følgjer vegen inn mot Myklebuststøylen til det flatar ut om lag 300 meter før stølen. Her tek du av i sørvestleg retning opp ein rydda trasé og vidare opp mot ryggen. Hald litt mot venstre for å unngå parti over 30 grader. Ryggen fører fram til varden på toppen av austryggen. Varden ligg ved det vesle fjellvatnet og er eit flott utkikkspunkt. Herifrå kan du gå vidare vestover mot toppunktet på 1162 moh., eller sørover mot toppunktet 1215 moh. Begge desse toppane vert omtalt som Olahansfjellet.  

Nedkøyring: Oppstigninga langs austryggen kan også nyttast som nedkøyring. Du kan då velje om du vil køyre ned same rute som du gjekk opp, eller følgje ryggen heilt ut til Myklebuststøylen via ein rydda trasé på ryggen.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 440 moh.
  • Sesong: Desember – juni
  • Himmelretning: Aust og nordaust
  • Stigning: 780 høgdemeter til 1215 moh., 720 høgdemeter til 1162 moh. 
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 28-30 grader (i kortare heng mellom 680-830 moh.)
  • Tips: Frå austryggen kan du vurdere traséar for nedkøyring Ned via Myklebuststølen. I lehenga langs ryggen du går opp kan du gjere gode snøvurderingar før nedkøyringa.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

5.7.2 Ned via Myklebuststøylen Utfordrande, E1, LV

Dette er den vanlegaste nedkøyringa frå Olahansfjellet ettersom du ofte kan finne flott laussnø i den beskytta dalformasjonen her. Både når du startar frå toppunktet 1215 moh. og frå 1162 moh. køyrer du først mot det lågaste punktet mellom desse to toppane. Herifrå køyrer du austover ned dalformasjonen som går mot Myklebuststøylen. Frå stølen følgjer du skogsvegen tilbake til parkeringa.

  • Sesong: Desember – juni
  • Himmelretning: Aust
  • Fall: 780 høgdemeter frå 1215 moh., 720 høgdemeter frå 1162 moh.
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 23-26 grader (1080-930 moh.), 17-22 grader (930-640 moh.)
  • Tips: Det slakaste terrenget finn du lengst nord i dalformasjonen, nær ryggen du gjekk opp.
  • Farar: Lenger sør er terrenget brattare og enkelte stader opp mot 35 grader.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

5.7.3 Ned renna via Klypehammaren Komplekst, E3, V

Dette er den flotte nordvende linja du ser frå parkeringsplassen når du startar oppstigninga mot Olahansfjellet. Inngangen til renna finn du like vest for varden ved utsiktspunktet på austryggen. Du køyrer det første henget ned  til toppen av den vindblåste ryggen. Herifrå blir terrenget brattare. Du følgjer flanken og renneformasjonane om lag 150 høgdemeter og trekkjer deretter mot høgre. Stoppestad finn du under hammaren på 700 moh. før siste skreda ned mot flata. Dersom det er is på elva kan du følgje skreda ut til venstre mot skytebana for å krysse elva. Alternativet er å køyre over myrane mot høgre,  gjennom granskogen til traktorvegen og tilbake til parkeringsplassen.

  • Sesong: Februar – mai
  • Himmelretning: Nordaust
  • Fall: 600 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Renne
  • Brattaste punkt: 38-40 grader (930-800 moh.), 33-35 (800-580 moh.)
  • Tips: Det anbefalast å klatre opp renna før du køyrer den.
  • Utstyr: Stegjern og isøks
  • Farar: Terrenget i renna er svært utsett for vindpålagring og flakskred. Ved utgliding eller skred vil ein bli ført inn i skog og ur nedst i terrenget.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.

5.7.4 Ned via Skryklingsstøylen Komplekst, E2, GV

Saman med den vanlege oppstigninga til Olahansfjellet gir denne nedkøyringa ein fin rundtur. Under gode snøforhold er det mogeleg å køyre heilt ned til Jølstravatnet. Frå høgde 1215 moh. køyrer du inn i den vestvende skålformasjonen. Skavlane unngår du ved å følgje ryggen vestover. Frå botnen av skåla følgjer du elvefaret vestover mot dalbotnen og bilvegen til Skryklingsstøylen. Følg skogsvegen frå stølen ned til bilvegen gjennom Dvergsdalsdalen. Herifrå tek det om lag 20-25 minutt å gå tilbake til toppturparkeringa.

  • Sesong: Januar – mai
  • Himmelretning: Nord og vest
  • Fall: 1000 høgdemeter til Jølstravatnet, 870 høgdemeter til bilvegen. 
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 33-35 grader (970-870 moh.), 26-30 grader (1170-970 moh.)
  • Tips: Når det er rikeleg snø, kan du følgje kraftgata som ligg aust for Åselva heilt ned til Jølstravatnet. Parker ein bil ved kraftverket. Skavldanning rundt skålformasjonen vest for 1215 moh.
  • Farar: Terrengfelle i botnen av elvegjelet ned mot dalbotnen før Skryklingsstøylen.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.