FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Ørnafjellet

Ørnafjellet er det høgste punktet i den korte fjellrekka kalla Rimmane, som ligg på nordsida av Rørvikfjellet.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Rørvikfjellet og Haukedalen
    • Toppunkt: 1209
    • Høydemeter: 680
    • Himmelretning: Sør
    • Bratteste punkt: 27-32 grader
    • Startsted: Rørvikfjellet
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember - april

    Frå toppane ser du utover Haukedalsvatnet mot sør, og i vest ligg Holsavatnet og fjellpartia rundt. Sidan du kan spenne på deg skia ved bilen på vel 500 moh., vil turen vere snøsikker frå tidleg i sesongen. Dei sørvende sidene frå Rimmane sikrar deg sol på pudderrike dagar i dei kalde vintermånadane. Terrenget er variert og har fleire ulike nedfartar som byr på leiken skikøyring. 

    Tilkomst/parkering: Parkeringsplass finn du på toppen av Rørvikfjellet, 100 meter frå Rørvik fjellstove i retning Førde. 

    6.2.1 OPP VIA FJELLTJØNNA UTFORDRANDE, E1, GV

    Frå parkeringa går du nordover til du passerer Fjelltjønna, og deretter går du eit lite stykke nordaust mot ryggformasjonen du skal følgje vidare i nordvestleg retning. Når terrenget vert ­slakare, legg du sporet nordover mot toppen av fjellrekka og deretter austover mot Ørnafjellet på 1209 moh. 

    Nedkøyring: Ein kan nytte same ruta ned som opp, men det er mange alternative ruter du kan velje i mellom Ørnafjellet og høgda på 1125 moh. langs Rimmane. 

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 535 moh.
    • Sesong: Desember - april
    • Himmelretning: Sør
    • Stigning: 680 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 27-32 grader (1000-1100 moh.)
    • Tips: Kan leggast opp som rundtur til Blåfjellet. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Sindre Hoff. / Toppturar i Sunnfjord
    Foto: Sindre Hoff. / Toppturar i Sunnfjord
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå