FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Norddalsegga

Ved enden av Haukedalsvatnet møtast fem fjellryggar som dannar ei stjerne av ryggar og tronge dalar. Norddalsegga ligg midt i den vakre utforminga.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Rørvikfjellet og Haukedalen
    • Toppunkt: 1316
    • Høydemeter: 1000
    • Himmelretning: Sør
    • Bratteste punkt: 30-32 grader
    • Startsted: Gjerland
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember-april

    På veg opp egga får du god ­oversikt over Skryklingen, som er den gamle ferdselsvegen mellom Jølster og Haukedalen. På toppen kan du nyte utsikta over breplatåa i området før du kan kose deg med ­nedkøyringa. 

    Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Gjerland i enden av Haukedalsvatnet. Du finn høveleg parkeringsplass langs hovudvegen eller langs sidevegen opp til garden på Gjerland. 

    6.7.1 Opp via Ryggen UTFORDRANDE, E1, LV

    Frå Gjerland gard følgjer du skogsvegen og kryssar Isaelva ved enden av denne. Deretter går du nordaust opp på ryggen og vidare nordover langs den til 1316 moh. 

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 320 moh.
    • Sesong: Desember-april
    • Himmelretning: Sør
    • Stigning: 1000 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 30-32 grader (785-800 moh.)
    • Tips: Frå toppen kan du forlenge turen vidare mot grensefjella til Jølster, Styggevassegga og Isvassnipa
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.7.2 Ned Gyrva UTFORDRANDE, E1, GV

    Frå toppen køyrer du vestover til du kjem ned i dalføret som vender sørover. Her følgjer du elvefaret Gyrva nedover ­dalen fram til det munnar ut i Isaelva. Isaelva kryssar du på same plass som på veg opp, og følgjer skogsvegen ned att til ­Gjerland. 

    • Sesong: Desember -april
    • Himmelretning: Sør
    • Fall: 1000 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 30-33 grader (1060-1030 moh. frå toppen og ut til Gyrva)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå