FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Nonsnipa (Sanddalsfjellet)

Med si jamne ryggforma side er Nonsnipa (Sanddalsfjellet) ein topptur der alle skikøyrarar, uavhengig av erfaring, kan finne den jublande skigleda i svingane nedover lia.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
    • Toppunkt: 1193
    • Høydemeter: 860
    • Himmelretning: Nordaust
    • Bratteste punkt: 29-31 grader
    • Startsted: Husbakke og Brendene
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember - mai

    Den austvende sida gjer denne toppturklassikaren snøsikker store delar av vintersesongen, og under skoggrensa finn du fin skogskøyring. Med ope terreng og vakker utsikt eignar turen seg godt både på fine skidagar og klåre vinterkveldar med måneskin under stjernehimmelen. For dei som ønskjer ei brattare utfordring er det mogeleg å utforske henga både på nord- og sørsida av toppen. 

    Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet til du ser skiltinga mot Sanddalen, ta av her. Øvst oppe tek du av mot privat veg som går til Husbakke og Brendene. Her finn du høveleg plass for parkering på privat grunn før bommen opp til skogsvegen. 

    5.2.1 Opp via Storebotnen Enkelt, E1, LV

    Frå Husbakke går du eit par hundre meter langs traktorvegen som går til Ytre Sandalsstøylen. Fortset via dyrka mark i sørvestleg retning til du kjem over skoggrensa. Etter skoggrensa går du langs ein brei ryggformasjon opp til toppunktet. 

    Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same ruta som du går opp.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 330 moh. 
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nordaust
    • Stigning: 860 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 29-31 grader (960-1050 moh.)
    • Tips: Dersom det er lite snø lengst nede, kan du følgje traktorvegen som fører opp til Nonsnipestøylen. 
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.2.2 Ned via Ytre Sanddalsstøylen Enkelt, E1, LV

    Frå toppen køyrer du austover ned fjellsida mot Ytre Sanddalsstøylen. Frå skoggrensa og ned til stølen er det relativt open bjørkeskog som gjer at du kan leike deg med svingar og hopp i passande bratt terreng. Frå stølen siglar du ned skogsvegen til parkeringsplassen.

    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Søraust
    • Fall: 860 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 25-30 grader (i korte heng mellom 1100-750 moh.)
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Lyse vårnetter på Nonsnipa. Foto: Torje Bjellaas. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå