Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Nesfjellet

Nesfjellet byr på ekte fjord til fjell-oppleving med ei fantastisk utsikt over Haukedalsvatnet under heile oppstigninga.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Rørvikfjellet og Haukedalen
    • Toppunkt: 1207
    • Høydemeter: 890
    • Faremomenter: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs stølsstien frå om lag 450 moh. til 500 moh.
    • Himmelretning: Aust
    • Bratteste punkt: 28-30 grader
    • Startsted: Nesstølen
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember – april

    Dei austvende skålformasjonane er snøsamlarar ved vêr frå vest, som det er mykje av i Sunnfjord. Her kan du ofte finne urørt laussnø for ypparleg skikøyring, både etter snøfall og når det er dårlege snøforhold andre stader. 

    Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Birkeland på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved starten av skogsvegen som går til Nesstølen. 

    6.5.1 OPP VIA NESSTØLEN UTFORDRANDE, E1, GV

    Du følgjer skogsvegen opp til Nesstølen på 605 moh. Frå ­stølen går du nordover 100-200 meter, til du finn ein god plass å krysse elvegjelet. Frå gjelet går du vestover mot ­ryggen som ligg sør for skålformasjonen. Du følgjer ryggen til toppen. 

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 320 moh.
    • Sesong: Desember – april 
    • Himmelretning: Aust 
    • Stigning: 890 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 28-30 grader (1120-1170 moh.)
    • Tips: Oppstigning kan også nyttast som nedkøyring. 
    • Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs stølsstien frå om lag 450 moh. til 500 moh.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.5.2 NED SØRLEG SKÅLFORMASJON UTFORDRANDE, E1, GV

    Du har ei fin nedkøyring i austvend side ned mot ­elvegjelet. Pass på å ikkje miste for mykje høgde før du kryssar ­elvegjelet før stølen. Frå Nesstølen følgjer du same  ruta ned som opp. Frå stølen er det fin skogskøyring mellom svingane i skogsvegen.

    • Sesong: Desember –april
    • Himmelretning: Aust 
    • Fall: 890 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 32-34 grader (990-810 moh.) 28-30 grader (1180-990 moh.)
    • Tips: For mindre bratt nedkøyring, kan du halde deg i den sørlege sida i ­nærleiken av ryggen du gjekk opp 
    • Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs skogsvegen frå om lag 450 moh. til 500 moh.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.5.3 NED NORDLEG SKÅLFORMASJON UTFORDRANDE, E2, GV

    Ønskjer du brattare nedkøyring kan du velje den ­nordlege skålformasjonen. Frå toppen av Nesfjellet sklir du i ­nordaustleg retning på fjellplatået til du kjem fram til skålformasjonen som ligg lengst nord. Herifrå køyrer du ned ei jamn og fin austvend side, med det brattaste ­partiet i midtre del. I botnen av skålformasjonen kryssar du Neselva, og ­følgjer denne på austleg side ned mot Nesstølen. Frå ­Nesstølen følgjer du same ruta ned som opp. Det er fin skogskøyring mellom svingane i skogsvegen.

    • Sesong: Desember –april
    • Himmelretning: Aust 
    • Fall: 890 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 31-35 grader (900-850 moh.)
    • Farar: Du er eksponert for bratt ­terreng over deg langs skogsvegen frå omlag 450 moh. til 500 moh.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart over Rørvikfjellet og Haukedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    FRIFLYT.NO
    +
    Oversiktskart over Rørvikfjellet og Haukedalen. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Turområde

    Rørvikfjellet og Haukedalen

    Dette området er ei skiperle med mange lett tilgjengelege toppturar, med kort anmarsj frå bilvegen.
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå