5.3.1 Opp via Isvasskaret Utfordrande, E1, LV

Du følgjer skogsvegen til Ytre Sanddalsstøylen. Gå vidare mot Gamlestøylen ved Botnavatnet. Etter å ha passert vatnet, kryssar du elva og startar oppstigninga mot Brandsbotnen. Herifrå legg du ruta opp mot Isvasskaret og svingar deretter i sørvestleg retning langs ryggformasjonen opp til toppen. 

Nedkøyring: Denne ruta er òg den vanlegaste nedkøyringa frå Kvitefjellet. Du kan køyre ned på begge sider av elva frå Brandsbotnen.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 320 moh. frå Husbakke, 515 moh. frå Sandalsstøylane
  • Sesong: Mars - juni
  • Himmelretning: Nordvest i Brandsbotnen, nordaust langs siste ryggen mot toppen, 1110 høgdemeter frå Husbakke, 910 høgdemeter frå Sandalsstøylane
  • Terrengformasjon: Dal og rygg
  • Brattaste punkt: 23-25 grader (650-820 moh. og 860-1360 moh.)
  • Tips: Ruta er best eigna som vårskitur når vegen til Ytre Sandalsstøylen er fri for snø. Det er òg mogeleg å bruke skogsvegen til Indre Sandalsstøylen.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

5.3.2 Ned via Brandsfonna Komplekst, E1, V

Dette er ei bratt og krevjande nedkøyring. Frå toppen køyrer du i nord-nordaustleg retning ned sida til utløpet av Brandsbotnen. Frå Brandsbotnen følgjer du same rute ned som under oppstigninga.

  • Sesong: Mars - juni
  • Himmelretning: Nord
  • Fall: 1110 høgdemeter til Husbakke, 910 høgdemeter til Sandalsstøylane
  • Terrengformasjon: Side og dal
  • Brattaste punkt: 43-45 grader (990-920 moh.), 25-30 grader (1140-990 moh.)
  • Tips: Ruta er best eigna som vårskitur når ein av vegane inn til Sandalsstøylane er fri for snø. 
  • Farar: Det kan danne seg skavlar over øvste flanken. Terrengfelle i tverrgåande ­elvedal nedst i toppflanken der ruta ­traverserer inn i Brandsbotnen.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.