FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Kvannebakknova til Hanekammen via Grensevarden og Bings gryte

Dette er ein rundtur på Jostedalsbreen der du startar i Befringsdalen og endar opp i Haugadalen. Du startar og endar dagen i desse to naturrike dalføra, som begge er utgangspunktet for mange varierte ski- og breturar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Fjellskiturar
    • Toppunkt: 1766
    • Høydemeter: 1772
    • Kilometer: 34.1
    • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen 1:50.000
    • Startsted: Befring
    • Beste sesong: Mars - juni
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    Rundturen på breplatået fører deg innom dei kjende landemerka Grensevarden og Bings gryte. Bings gryte, som er forma av ekstreme vindtilhøve, vert om sommaren vedlikehalden og utvida av smeltevatn i botnen. Du vil garantert drøyme deg vekk ei stund i kontrastane og formene i Bings gryte, som er naturens ekte kvite kunstverk. Frå Hanekammen ser du rett ned på Briksdalsbreen, før du kan vende skia mot nedturen som er høgt verdsett av toppturentusiastar.

    Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. 

    Returen via Hanekammen fører deg ned til skogsvegen i Haugadalen, som startar på Høyset ved fv453 der det er skilta mot Høyset Camping. Her kan du parkere ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved Høyset Camping, eller nede ved fylkesvegen. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen.

    • Sesong: Mars - juni
    • Stigning: 1772 høgdemeter
    • Fall: 1728 høgdemeter
    • Lengd: 34,1 km.
    • Utstyr: Breutstyr
    • Kart: Norge-serien: Jostedalsbreen 1:50.000
    • Tips: Du kan legge inn ei overnatting på Kvannebakkbu. 

    8.9.1 Befring-Kvannebakknova Utfordrande, E2, GV

    Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på ­Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola. Dersom vegen er brøytt fram til Befringsstøylen er anmarsjen relativt kort. Du følgjer skogsvegen heilt opp til parkeringa ved kraftdemninga. Frå parkeringa går du mot Befringsstøylen og vidare søraust mot Skaret og Strupen. Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova. Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under ­Kvannebakknova, mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet. Ved Snoadvarden kan du runde opp på Kvannebakknova der du finn hytta Kvannebakkbu. Denne ligg like nord for Snoadvarden.

    • Starthøgde: 300 moh. ved start på Befring, seint i sesongen kan ein parkere på 600 moh.
    • Stigning: 1225 høgdemeter
    • Fall: 14 høgdemeter
    • Lengd: 9,4 km
    • Brattaste punkt: 25-28 grader (1000-1400moh.) opp Kvannebakknova
    • Farar: Etappen er innom breen rett før toppen. Ved skare er det fare for utgliding under traversen i sida under Kvannebakknova. I same partiet kan du vere eksponert for skavldanning som ofte heng langs austsida av topplatået.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    8.9.2 Kvannebakknova – Hanekammen Utfordrande, E1, L

    Sidan det er få referansepunkt på breplatået, kan det vere vanskeleg å orientere seg. Ta ut kompasskurs frå Snoadvarden austover mot breskjæret, fjellet som stikk opp like nordvest for 1734 moh. Du er no på det mange kallar «Noregs tak». Frå 1734 moh. går du i nordaustleg retning mot Grensevarden som du passerer på den vestlege sida. Frå denne går du nordover mot Bings gryte, som ligg på eit av dei smalaste partia av Jostedalsbreen. Frå Bings gryte har du ein svak motbakke mot nordaust inn mot det store breplatået. Vidare dreiar du i nordvestleg retning mot høgda 1605 moh. på den søraustlege ryggen av Hanekammen. Langs dette strekket kan du ta kompasskurs via eit breskjær om sikta er dårleg. Frå 1605 moh. følgjer du ryggen mot toppen av Hanekammen.

    • Stigning: 549 høgdemeter
    • Fall: 403 høgdemeter
    • Lengd: 19,1 km
    • Tips: Under orientering på bre, er det lurt å rekne ut distanse og estimere tidsbruk mellom referansepunkt. Legg merke til høgdeendringar i terrenget, eller følg med på høgdemålar
    • Farar: Ferdsel over snødekt bre.
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    8.9.3 Hanekammen - Haugadalen Utfordrande, E1, GV

    Frå toppen køyrer du først ned mot Tverrfjellet. Du held deretter fram rett sørover langs det slakaste terrenget ned i Jostebotnen, der du følgjer Tverrelva vidare ned mot dalføret. Du kan krysse elva som går gjennom Haugadalen over bru nord for Haugastøylen. Etter å ha passert Haugastøylen følgjer du skogsvegen i Haugadalen vidare ned mot Høyset.

    • Stigning: 3 høgdemeter
    • Fall: 1310 høgdemeter
    • Lengd: 5,6 km.
    • Brattaste punkt: 30-35 grader (1400-1250 moh.)
    • Tips: Du finn meir informasjon og fakta om denne nedkøyringa i kapittelet Skei og Stardalen; Hanekammen 1651 moh. 
    • Farar: Den sørvende nedkøyringa er utsett for solpåvirkning utover dagen. Det flate partiet langs skogsvegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart med inntegnet rute av fjellskiturar i Sunnfjord. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart med inntegnet rute av fjellskiturar i Sunnfjord. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå