FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Kvamhesten(Storhesten)

Kvamshesten, meir kjent som Storehesten, er eit markert fjell som du ser som eit landemerke frå dei fleste andre toppane i Sunnfjord.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Dalsfjorden og Førdefjorden
    • Toppunkt: 1209
    • Høydemeter: 960
    • Himmelretning: Nord og søraust
    • Bratteste punkt: 38-40 grader (1150-1160 moh.), 31-37 grader (660-700 moh.) 29-31 grader (1020-1060 moh.)
    • Startsted: Rytnane eller frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember - mai
    • Ekstra utstyr: Stegjern og isøks

    Motbakkeløpet ”Storehesten Opp” samlar alt frå mosjonistar til internasjonale toppløparar. På vintertid kan toppturfolk som likar å leike seg på ski i ulike vanskegrader utfordre seg her. Sjølv om fjellet ligg langt vest i fjordlandskapet, kan du langt ut i mai månad finne god snø på nord- og austsida av fjellet. Frå toppen kan du sjå Dalsfjorden og ut mot havet. I godt vêr kan du til og med skimte fjella rundt Bergen.

    Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til du tek av mot Bygstad på fv57. I Eidavika tek du av mot fv391. Der det er skilta vidare mot Laukeland tek du av mot privat veg som er skilta mot parkering til Storehesten.

    1.2.1 ”Storehesten Opp” Utfordrande, E2, GV

    Denne oppstigninga følgjer i stor grad same traséen som det kjende motbakkeløpet ”Storehesten Opp”. Frå Kårstad og Rytnane følgjer du skogsvegen vidare oppover mot Kårstadstølen. Du held no fram aust mot Rabbane, og deretter i nordleg retning mot skaret aust for Skardavatnet på 715 moh. Ruta går på nordsida av Skardavatnet i vestleg retning og rundar Grunnevatnet. Etter å ha tatt litt høgde vest for Grunnevatnet, følgjer du den markerte skålformasjonen sørover heilt opp. Herifrå går du i austleg retning langs ryggen mot toppunktet.  

    Nedkøyring: Denne ruta kan du òg nytte som nedkøyring.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 250 moh. frå Rytnane eller 400 moh. frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nord og søraust
    • Stigning: 960 høgdemeter frå Rytnane eller 810 høgdemeter frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen.
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: Bratt hammar, 38-40 grader (1150-1160 moh.), 31-37 grader (660-700 moh.) 29-31 grader (1020-1060 moh.)
    • Tips: Om våren kan du køyre opp skogsvegen frå Rytnane mot Kårstadstølen. 
    • Utstyr: Stegjern og isøks
    • Vasnkegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    1.2.2 Opp via austegga Komplekst, E3, V

    Denne oppstigninga er spektakulær og krevjande. Du følgjer ruta ”Storehesten opp” til Skardavatnet, som du passerer på sørsida og følger egga oppover til toppen. 

    Nedkøyring: Denne ruta kan du òg nytte som nedkøyring.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 250 moh. frå Rytnane eller 400 moh. frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Aust og nordaust
    • Stigning: 960 høgdemeter frå Rytnane eller 810 høgdemeter frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 31-38 grader (800-1000 moh.),  31-37 grader(660-700 moh.)
    • Tips: Denne ruta er vanlegvis best eigna som vårskitur
    • Utstyr: Isøks og stegjern
    • Farar: Skavlar langs egga. Egga er smal fleire stadar, og det er fare for utgliding
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.

    1.2.3 Ned via Grunnevatnet Komplekst, E2, V

    Frå toppen følgjer du ryggen om lag 200 meter mot vest. Her finn du ein svak renneformasjon som hallar rett nord, ned til Grunnevatnet. Herifrå følgjer du same ruta ned att til parkeringa.

    • Sesong: Desember - mars
    • Himmelretning: Nord og søraust
    • Fall: 969 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 36-43 grader (1160-1100 moh.),  31-37 grader (700-660 moh.)
    • Utstyr: Isøks og stegjern
    • Farar: Heile nordsida av Kvamshesten er bratt sva. Ver merksam på sigesprekker og skred, spesielt om våren
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Dalsfjorden og Førdefjorden med inntegnet rute. Fra Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå