5.4.1 Opp Knebben via Bjørndalen Enkelt, E1, L

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du opninga i skogen vestover langs det slakaste terrenget mot ryggen mellom Knebben og Høgenuken.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 210 moh. 
  • Sesong: Januar – mai 
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 640 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 25-28 grader (730 – 850 moh.)  
  • Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand. Under oppstigninga kan du studere terrenget og dei beste linjene for nedkøyring i bjørkeskogen. 

5.4.2 Ned Knebben via Bjørndalsbakkane Utfordrande, E2, GV

Frå Knebben kan du finne mykje fin skikøyring i bjørkeskogen ned mot Bjørndalselva. Frå høgda 849 moh. køyrer du austover ned i dalen, og held høgda i nordleg retning langs vestsida av elva ned mot Sanddalhaug. For å unngå tett skog bør du halde høgde over dei tre granfelta. Når du kjem ned til beitet finn du ei grind i gjerdet 50 meter vest for elva.

  • Sesong: Januar – april
  • Himmelretning: Aust og nordaust
  • Fall: 640 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 33-35 grader (830 – 600 moh.)
  • Tips: Du har god oversikt over aktuelle nedkøyringar når du går opp. Du finn brattare køyring lengst nord og i fronten av Knebben, og slakare køyring lengst sør mot ruta du kom opp.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

5.4.3 Opp Høgenuken via Bjørnahiet Enkelt, E2, GV

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du opninga i skogen vestover langs det slakaste terrenget mot ryggen mellom Knebben og Høgenuken. Frå ryggen går du sørover til toppen av Høgenuken.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Januar – mai 
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 970 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side og rygg
  • Brattaste punkt: 25-28 grader (730-1000 moh.)
  • Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand. 
  • Utstyr: Ved skareføre bør du ha med skarejern eller stegjern til siste ryggen.
  • Farar: Skavldanningar langs ryggen mellom Knebben og Høgenuken. Fare for utgliding når det er glasert snø og is på vestsida av ryggen opp mot Høgenuken.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

5.4.4 Ned Høgenuken via Fjellrabben Utfordrande, E2, GV

Fjellrabben er den markerte ryggen som vender ned mot Bjørndalen. Frå Høgenuken glir du nordover til starten av ryggen, og finn deg ei linje i den nordvende sida, der det ofte samlar seg mykje god snø. Etter den fine sida kjem du ned i open og kjekk skogskøyring, før du kryssar elva der du kom opp. Frå elva følgjer du sporet ned att til parkeringa.

  • Sesong: Januar - mai 
  • Himmelretning: Nordaust
  • Fall: 970 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side 
  • Brattaste punkt: 30-32 grader (1100-800 moh.)
  • Tips: Denne ruta er også ofte brukt som oppstigning. 
  • Farar: Frå starten av nedkøyinga finn du brattare linjer lenger nord langs ryggen mot Knebben. Skavldanning langs heile ryggen mellom Knebben og Høgenuken.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

5.4.5 Ned Høgenuken via Fagrevasselva Utfordrande, E1, GV

Frå Høgenuken sklir du sørover og vender gradvis inn i den austvende sida som går ned mot Fagrevasselva. Du følgjer elva i open skog attende til Bjørndalen. Du kryssar Bjørndalselva der du kom opp. Frå elva følgjer du sporet ned att til parkeringa.

  • Sesong: Januar-mai 
  • Himmelretning: Aust 
  • Stigning: 970 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side 
  • Brattaste punkt: 25-30 grader (1120-900 moh.) Småheng over 30 grader
  • Tips: Like nord og aust for toppunktet på 1180 moh. er terrenget bratt og det dannar seg skavlar. Ruta går ned sør for dette bratthenget.
  • Farar: Skavldanning langs ryggen mellom Høgenuken og Brandsegga.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.