4.3.1 Opp via Ormehaugane Utfordrande, E1, V

Frå parkeringa kryssar du E39 og følgjer gardsvegen i 150 meter frå busskuret, og går vidare på bøen aust for juletrefeltet. Øvst mot utmarka passerer du grinda, og følgjer ei fin uthogd gate gjennom granskogen. På flata etter granskogen legg du sporet i nordvestleg retning under hamrane, og rundar rundt ein liten topp i terrenget. Her er det ei hylle i hamrane der det er greitt å skrå seg opp. Gå vidare i nordaustleg retning via ein ny gapahuk på 680 moh., og deretter nordvest til terrenget flatar ut. Du kjem no inn i ein dalformasjon med småkupert terreng. Her er det enkelte korte parti med 30-35 grader, men du kan finne gode vegval via små ryggformasjonar nordover mot neste platå på 1047 moh. Frå dette platået traverserer du nordvest rundt knausen og deretter vestover mot toppunktet. 

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga. Det er best å krysse hamrane før granskogen på same plass som oppstigninga.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 230 moh.
  • Sesong: Desember – mars
  • Himmelretning: Sør
  • Stigning: 980 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 35-37 grader (480-500moh., kort travers), 30-35 grader (850-1050 moh.)
  • Tips: Super tur tidleg i sesongen, etter store snøfall og lite vind. Sidan terrenget har mange hamrar bør du ha bra vêr og sikt når du tek turen.
  • Farar: Ver merksam på høge klippeformasjonar vest for gapahuken.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.