FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Jølster Skisenter og Kvamsfjellet

Kvamsfjellet ligg i bakgarden til Jølster Skisenter, og har varierte ruteval for ein kvar smak! Sidan toppen har «snille ruter» som kan nåast med litt heisavlastning, eignar den seg spesielt godt for barn og nybyrjarar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
    • Toppunkt: 1034
    • Høydemeter: 600
    • Faremomenter: Potensiell terrengfelle ved Stordalen.
    • Himmelretning: Nordaust
    • Bratteste punkt: 29-31 grader
    • Startsted: Jølster Skisenter
    • Tid opp/ned: 2-4 timar

    Flaumlyset frå skisenteret gjer dessutan toppen ypparleg for kveldsturar under stjernehimmelen. Det er lagt godt til rette for variert skogskøyring i open bjørkeskog rundt skisenteret, som gjer det til ein perfekt destinasjon når snøen lavar tett og vêret er for hardt til tur opp på toppane. Sjølv om Kvamsfjellet ligg langt vest i Jølster kan du på grunn av snøproduksjon i skianlegget ofte stå på ski heilt ned i bygda til langt ut på våren. 

    Tilkomst/parkering: Når du kjem frå Førde tar du av E39 rett før Jølstraholmen senter, og køyrer mot Bjørkeli og Jølster Skisenter. Du parkerer ved Jølster Skisenter. Oppstigningane til Kvamsfjellet er skildra med start frå Øygardstøylen. Denne kan du nå ved bruk av skiheis eller bilveg med bom. Om du vel å ikkje bruke skiheisane, er det vanleg å gå opp langs kantsidene til ein av ski-traseane. 

    5.1.1 Opp via Kvamsheisen Enkelt, E1, L

    Frå Øygardsstøylen går du opp langs ein av ski-traseane. Frå vendehjulet til øvste skiheis ved Amfen (Kvamsheisen), går du til venstre for vendehjulet i søraustleg retning. Der du traverserer over den bratte sida øvst i Stordalen, legg du sporet høgast mogeleg for å unngå parti over 30 grader i dette området. Du går deretter i lett kupert og oversiktleg terreng i sørleg retning. Sør for Kvamsskaret går du nordover og rundar opp mot toppen frå baksida av fjellet. 

    Nedkøyring: Denne ruta er òg eigna som nedkøyring.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 440 moh. ved Øygardsstøylen, 780 moh. ved toppen av Kvamsheisen
    • Sesong: Desember – mai 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Stigning: 600 høgdemeter frå Øygardsstøylen, 250 høgdemeter frå toppen av Kvamsheisen
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 29-31 grader (800-830 moh.) 
    • Farar: Potensiell terrengfelle ved Stordalen. 
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.1.2 Opp via Stordalsfjellet Utfordrande, E1, LV 

    Frå Øygardsstøylen følgjer du den mest austlege skitraseen i retning mot vendehjulet på den nedste skiheisen; Bjørkeliaheisen. Du går vidare opp skitraseen til du kjem til ei bru som lettar kryssinga av elvegjelet rett ved skitraseèn. Her går du i sørleg retning aust for Stordalen, til du kjem opp på fjellplatået til Stordalsfjellet. Herifrå er det slakt og fint terreng fram til Kvamsfjellet i vestleg retning. 

    Nedkøyring: Denne ruta er òg eigna som nedkøyring. På veg ned kan du boltre deg i brattare og meir utfordrande terreng på begge sider av oppstigninga.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 440 moh. 
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nord
    • Stigning: 600 høgdemeter 
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 25-28 grader (750-900 moh.)
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    5.1.3 Opp ved Amfen Enkelt, E1, L

    Frå Øygardsstøylen går du opp langs ein av ski-traseane. Frå vendehjulet av øvste skiheis, Kvamsheisen, går du til høgre for vendehjulet i sørvestleg retning. Du følgjer dalformasjonen i oversiktleg terreng til det flatar ut mot toppen. 

    Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same rute som du gjekk opp.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 440 moh. ved Øygardsstøylen 
    • Sesong: Desember – mai 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Stigning: 540 høgdemeter frå Øygardsstøylen
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 23-25 grader bratt i småheng frå 780-980 moh. Terrenget i heistraséen er brattare.
    • Tips: Med snøfall frå sørleg vindretning vert det mykje fin snø i dette området. Frå toppen er det fint å gå heile fjellplatået i austleg retning mot toppen av Kvamsfjellet. Det vert ein fin rundtur ved å køyre ned att mot Øygardsstøylen
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    Laussnøkøyring i Jølster skisenter 

    Øvste delen i Jølster Skisenter strekker seg frå Øygardsstøylen på 440 moh. til vendehjulet ved Amfen på 780 moh. Sidan skisenteret ligg i ei nordaustvend side, blir det ofte samla mykje laussnø her. Øvste del av anlegget er spesielt godt tilrettelagt for frikøyring, med mykje leik og moro for både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar. 

    Mellom skitraseane og Kvamsheisen : Mellom og ved sidene av skitraséane og Kvamsheisen finn du mykje flott skogskøyring. Her er mest bjørkeskog og fleire stader er det rydda for å opne terrenget som har varierte vanskegradar. 

    Austleg side av Kvamsheisen ved Stordalen: Frå vendehjulet til Kvamsheisen traverserer du aust mot eit flott frikøyringsterreng ved Stordalen. Ver merksam på at du er i terreng som er over 30 grader bratt når du er i området rett aust for vendehjulet. Ta omsyn til varselskilt som skisenteret set opp i dette området. 

    Vestleg side av Kvamsheisen ved Amfen: På den vestlege sida av Kvamsheisen og skitraseen, finn du frikøyringsområdet for dei som vil utfordre seg sjølv i brattare og utfordrande skogsterreng. På dei beste pudderdagane kan du utføre høge hopp frå knausar og hyller, og oppleve parti med «putekøyring» i bratt terreng. I dette området er det fleire stader over 30 grader bratt.

    Kart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Torje Bjellaas. / Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Torje Bjellaas. / Toppturar i Sunnfjord.
    FRIFLYT.NO
    +
    Oversiktskart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjønesfjorden. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Turområde

    Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden

    Dette området strekker seg 3,5 mil frå Vassenden til Lunde i Kjøsnesfjorden, langs sørsida av
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå