5.5.1 Opp via Styggevassegga Utfordrande, E2, GV

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva, og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Frå demningen går du forbi Bjørndalsstøylen og austover mot Sandbotnen. Der det flatar ut i Sandbotnen, tek du høgde mot Blåfjellet. Frå Blåfjellet må du litt ned att til Flateeggane. Hald god avstand til skavlane som heng ut mot Skryklingsdalen etter Flateeggane. Etter eit kort, bratt parti er du på egga som du følgjer i ein boge vidare til toppen av Styggevassegga og Isvassnipa.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Desember - mai
  • Himmelretning: Nord
  • Stigning: 1320 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal og rygg
  • Brattaste punkt: 33-35 grader (1160-1200 moh.), 30-33 grader (1000-1100 moh.)
  • Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand.
  • Utstyr: Stegjern og isøks
  • Farar: Første del av sjølve egga etter Flateeggane er smal, og det kan vere fare for utgliding ved skare eller is.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

5.5.2 Opp via Tungefjellet Utfordrande, E2, GV

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du Fagrevasselva i sørleg retning mot Fagrevatnet. Like før vatnet legg du sporet på ryggen som du følgjer vidare mot Tungefjellet, og herifrå følgjer du ein smal rygg opp til Isvassnipa. 

Nedkøyring: Denne ruta kan også nyttast som nedkøyring. Frå den smale ryggen under toppen gir det nordvestvende henget ned mot Fagrevatnet den brattaste nedkøyringa, medan austsida av Tungefjellet gir ei mindre krevjande, men like fin nedkøyring.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Mars - juni
  • Himmelretning: Nord og nordvest
  • Stigning: 1230 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Rygg og dal
  • Brattaste punkt: 35-38 grader (1300-1380 moh.)
  • Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand. 
  • Utstyr: Stegjern og isøks 
  • Farar: Det ligg ofte skavlar i det brattaste partiet opp mot toppen av Isvassnipa.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

5.5.3 Opp via Brandsegga Utfordrande, E2, GV

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du opninga i skogen vestover langs det slakaste terrenget mot ryggen mellom Knebben og Høgenuken. Frå ryggen går du sørover via toppen av Høgenuken og vidare over Brandsegga, og deretter i austleg retning og bratt opp mot Isvassnipa. 

Nedkøyring: Denne ruta kan også nyttast som nedkøyring. Sjå turskildringane for Knebben 849 moh. og Høgenuken 1180 moh. for fleire alternativ.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Mars - juni
  • Himmelretning: Vest og nord
  • Stigning: 1330 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Rygg
  • Brattaste punkt: 30-33 grader (1300-1380 moh.), 25-28 grader (730-1000 moh.)
  • Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand.
  • Utstyr: Skarejern eller stegjern
  • Farar: Skavldanningar langs ryggen mellom Knebben og Høgenuken. Fare for utgliding når det er glasert snø og is på vestsida av ryggen opp mot Høgenuken og siste ryggen mot Isvassnipa.