3.11.1 Opp Nipa via Husstøylen Utfordrande, E1, GV

Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og går deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva. Du følgjer deretter skogsvegen (bomveg) mot Helgheimsdalen. Når vegen flatar ut finn du ein høveleg plass å krysse Helgheimselva austover mot Husstøylen. Frå stølen følgjer du nordsida av elvefaret i Husdalen og går deretter opp den sørvende ryggformasjonen mot toppen. 

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer i hovudsak same rute som oppstigninga, men det vil vere naturleg å legge sporet litt lenger aust inn i skålformasjonen for å finne meir vindbeskytta snø i øvste delen.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Sør
  • Stigning: 900
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattast punkt: 29-32 grader (880-1050 moh.)
  • Tips: Turen kan kombinerast med toppturar til Blåfjell og Egga
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

3.11.2 Opp Blåfjellet via Kyrabotnen Utfordrande, E1, LV

Følg same oppstigning frå Helgheim kyrkje som skildra under Nipa. Frå Husstøylen går du nordaust langs elvefaret og dreiar gradvis mot aust for å komme opp på den sørvende ryggen som vil ta deg vidare til toppen. 

Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga, men du kan velje ulike linjer langs heile sida mellom Blåfjellet og Egga. Dess nærare du kjem Egga dess brattare vert nedkøyringane.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Vest og sørvest
  • Stigning: 880 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 29-31 grader (800 – 900 moh.)
  • Tips: I området sørvest for toppen av Egga (979 moh.) er det fin skogskøyring frå 850-630 moh. ned mot kraftlinja og ei hytte søraust for Husstøylen.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

3.11.3 Opp Egga og Blåfjellet via Husskargrova i Fygladalen Utfordrande, E1, GV

Egga og Blåfjellet kan du òg nå via Fygladalen. Frå Jølster Panorama Camping går du vest langs E39 til du kryssar Haugaelva, og startar oppstigninga langs dyrka mark. Gå i nordleg retning langs Haugaelva. Etter at du har passert den første fjellryggen oppover mot Egga og Blåfjellet, er det kort veg fram til Husskargrova som kjem ned frå dalføret mellom dei to fjella. Du svingar her mot vest og går opp dalføret på nordsida av grova. I midtre del held du litt avstand frå grova, for å unngå eit bratt parti. Ruta kjem opp på Egga. Herifrå er det lett å ta seg fram til Blåfjellet ved å følgje ryggformasjonen nordover. 

Nedkøyring: Denne ruta kan du òg nytte som nedkøyring. 

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 210 moh.
  • Sesong: Januar – mars
  • Himmelretning: Aust
  • Stigning: 880 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattasta punkt: 23-27 grader (580-850 moh.)
  • Tips: Ei alternativ nedkøyring er å følgje den austvende ryggen like sør for Husskargrova heile vegen ned til dalbotnen. Denne varianten er noko brattare enn oppstigninga
  • Farar: Sjølv om terrenget er under 30 grader langs det naturlege sporvalet er ein eksponert for fjernutløyste skred frå terrenget over.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.