FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Indrebøfjellet

Indrebøfjellet er ein kort, lett tilgjengeleg og snill topptur i eit snørikt område inst i ­Angedalen nær Førde.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Naustdal og Austdalen
    • Toppunkt: 821
    • Høydemeter: 590
    • Himmelretning: Aust
    • Bratteste punkt: 20-25 grader
    • Startsted: Tverrelvebotnen
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember - april

    Den austvende fjellsida ligg fint i le for vestavinden, og er ein fin tur for både ­nybegynnarar og barnefamiliar. Indrebøfjellet passar òg for hastige og svoltne skikøyrarar, som er på jakt etter rask snø under skisolane, gjerne i selskap med hovudlykta når det er pudderfest midt i arbeidsveka. 

    Tilkomst/parkering: Følg fv481 mot Angedalen. Etter å ha passert Indrebø parkerer du like før brua over Angedalselva. 

    2.3.1 OPP VIA TVERRELVA ENKELT, E1, L

    Følg skogsvegen som går slakt oppover langs nordsida av ­Angedalselva. Når skogsvegen får ein liten nedoverbakke rett sør for Tverrelva tek du av mot nordaust. Hald fram i denne retninga til du kjem til ein rygg like ved Tverrelva. Her finn du opning gjennom den tette granskogen. Gå vidare i same retning mot ryggen som ligg sør for Tverrelvebotnen. Følg denne opp mot toppunktet. 

    Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same ruta som du gjekk opp. Ned mot Tverrelvebotnen har du høve til å velje mange ulike og varierte spor i litt brattare terreng.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 220 moh.
    • Sesong: Desember - april
    • Himmelretning: Aust
    • Stigning: 590 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 20-25 grader (600-700 moh.)
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Naustdal og Angedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå