FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Høgefjellet

Høgefjellet er veslebror til topptureldoradoet Sandfjellet, og leverer kortreist kvalitet. ­Nedkøyringa i nordvestleg retning gir bratt moro på dagar der du ikkje har tid til langturen, og er ein fin kveldstur i vårsola.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Naustdal og Angedalen
    • Toppunkt: 982
    • Høydemeter: 600
    • Himmelretning: Nord
    • Bratteste punkt: 25-28 grader
    • Startsted: Reinene
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember - april

    Frå toppen har du fin utsikt nedover gardane langs den kjende fiskeelva Nausta, og heilt ut i øyane utanfor Florø. Høgefjellet er på kartet merka av som ei høgde på 982 moh. rett vest for Sandfjellet.

    Tilkomst/parkering: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til høgre mot fv512 før Naustdalstunnelen. Følg fv512 vidare mot Nes. Ta av der det er skilta mot Instedalen ­skileikområde før du kjem til Fimland. Ved enden av denne vegen kjem til du Reinene. Her startar du turen. 

    2.2.1 OPP VIA REINESTØLEN OG NORDAVATNET ENKELT, E1, LV

    Frå Reinene går du i søraustleg retning mot Bruflotstølen, og passerer aust for Reineklubben. Hald fram i søraustleg retning forbi Reinestølen fram til du står aust for Strandaklubben. Her skal du gå mot aust opp eit kort heng, som av lokale vert kalla Skitnekleiva, som tek deg opp til Nordavatnet. Herifrå er det litt nedoverbakke til du er ved nordenden av vatnet. Du går i ­nordleg retning i dalformasjon opp mot toppunktet på 982 moh.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 380 moh.
    • Sesong: Desember - april
    • Himmelretning: Nord
    • Stigning: 600 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 25-28 grader (750-800 moh.)
    • Tips: Ruta kan også nyttast som fjellskitur opp og ned
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    2.2.2 NED BRUFLOTSTØLEN KOMPLEKST, E2, V

    Frå toppen køyrer du i nordvestleg retning mot Reineklubben. Her kjem du inn att på skisporet som du følgjer vidare ned.

    • Sesong: Desember - april
    • Himmelretning: Nordvest
    • Fall: 600 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 30-37 grader (980-700 moh.)
    • Tips: For å unngå å måtte gå oppover er det viktig å halde høgde når terrenget flatar ut, slik at du kjem inn att på sporet du gjekk opp før Bruflotstølen
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Naustdal og Angedalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå