4.9.1 Opp via Oldeskaret Utfordrande, E2, GV

Du følgjer skogsvegen opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen eit stykke på vestsida av elva, og kryssar over brua like før dalbotnen. Du fortset nordover i sida opp mot Storevatnet, og rundar nord for høgda 1094 moh. Du følgjer langs nordsida av Storevatnet til Oldeskaret. Her rundar du opp på ryggen og følgjer den sørover mot hengebreen som ligg under Hanekammen. Du kryssar hengebreen og rundar mot aust siste stykket til toppen.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 340 moh. 
  • Sesong: Februar - mai
  • Himmelretning: Sørvest og nord 
  • Stigning: 1320 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side og rygg 
  • Brattaste punkt: 43-45 grader langs travers (1180-1220 moh.), 34-36 grader (1400 - 1460 moh.), 29-31 grader (1500 – 1550 moh.), 25-28 grader (740-800 moh.) 
  • Tips: Du bør ha godt vêr og god sikt når du går denne turen. Ruta gir fin utsikt mot Briksdalen og brefalla der
  • Utstyr: Stegjern og isøks
  • Farar: Det flate partiet langs vegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt om skreda ikkje har gått. Delar av ruta går over isdekt vatn. Fare for utgliding ved skareføre på ryggen mot hengebreen. Ved kryssing av hengebreen er det fare for skavlbrekk frå fjellet over.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

4.9.2 Opp via Jostebotnen Utfordrande, E1, GV

Du følgjer skogsvegen opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen eit stykke på vestsida av elva, og kryssar over brua like før dalbotnen. Du fortset austover langs Tverrelva og opp i Jostebotnen. Der terrenget flatar ut svingar du rett nord, og kryssar deg opp sida til det flate søkket mellom Tverrfjellet og toppen av Hanekammen. Du går vidare mot aust i slak stigning mot toppunktet. 

Nedkøyring: Det er vanleg å nytte denne ruta som nedkøyring.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 340 moh.
  • Sesong: Februar-mai
  • Himmelretning: Sørvest og vest
  • Stigning: 1320 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side og dal
  • Brattaste punkt: 30-35 grader (1250-1400 moh.) 
  • Tips: Det kan vere lurt med tidleg turstart sidan nedkøyringa ligg solvend. På skareføre kan det vere naudsynt med skarejern eller stegjern
  • Farar: Det flate partiet langs vegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt om skreda ikkje har gått.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

4.9.3 Ned via Tverrfjellet Komplekst, E2, V

Denne ruta er ein brattare variant av nedkøyringa via Jostebotnen. Frå toppen køyrer du vestover mot Tverrfjellet. Ta gjerne ein pause her før du peikar skia sørvestover ned den jamt bratte sida på om lag 700 høgdemeter. Her gjeld det å ha høg mjølkesyreterskel. Frå dalbotnen følgjer du same ruta som du kom opp tilbake til parkeringa.

  • Sesong: Februar-mai
  • Himmelretning: Sørvest
  • Fall: 1320 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 36-40 grader (1450-1080 moh.)
  • Tips: Det kan vere lurt med tidleg turstart sidan nedkøyringa ligg solvend. Studer linjer ned via Tverrfjellet under oppstigning.
  • Farar: Det flate partiet langs vegen frå Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Du bør avgrense eksponeringstida her.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.