FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Håheimsfjellet

Om du stoppar på bensinstasjonen på Skei ser du rett opp i Håheimsfjellet. Dei som tankar drivstoff med «skibrillene på» ser fort den forlokkande renna som vender mot søraust rett opp i fjellsida.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Skei og Stardalen
    • Toppunkt: 860
    • Høydemeter: 650
    • Faremomenter: Naturleg utløyste skred pga. soloppvarming eller temperaturstigning
    • Himmelretning: Søraust
    • Bratteste punkt: 40-43 grader
    • Startsted: Skei Servicenter
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Februar – april
    • Ekstra utstyr: Stegjern og isøks, eventuelt tau til rappell i øvre del av renna

    Om forholda er på plass er det anbefalt å parkere bilen og ta skia fatt. For denne korte turen gir mykje att av både utsikt og spektakulær skikøyring, og du har garantert fått full energitank etterpå! 

    Tilkomst/parkering: Parkering ved Skei Servicenter (Esso). 

    4.1.1 Opp via Slåttegrova Komplekst, E3, V

    Sidan terrenget er bratt er det anbefalt å gå opp renna før du køyrer ned. Først kryssar du bøane og følgjer deretter ein traktorveg opp mot sjølve renna. Renna er jamt bratt, men noko brattare like før toppen. Frå toppen av renna når du toppunktet på høgde 860 moh. ved å runde nord om det brattaste henget. 

    Nedkøyring: Under nedkøyringa har dei første 50 høgdemetrane av renna det smalaste og brattaste terrenget.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 210 moh.
    • Sesong: Februar – april
    • Himmelretning: Søraust
    • Stigning: 650 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Renne
    • Brattaste punkt: 40-43 grader (830-720 moh.),  37-40 grader (720-500 moh.)
    • Tips: Sola når renna tidleg på dag. Oppstigning og nedkøyring må difor planleggast nøye
    • Utstyr: Stegjern og isøks, eventuelt tau til rappell i øvre del av renna
    • Farar: Naturleg utløyste skred pga. soloppvarming eller temperaturstigning
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Per Magne Bakke. / Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Per Magne Bakke. / Toppturar i Sunnfjord.
    FRIFLYT.NO
    +
    Oversiktskart over Skrei og Stardalen. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Turområde

    Skei og Stardalen

    Området frå Skei til Stardalen har nokon av dei høgaste og mest alpine toppane i
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå