FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Grønlifjellet og Litlebottsegga

Grønlifjellet er storebror i Gotdalen. Her kan du velje mellom to breie sider med 700 høgdemeter bratt og fin skikøyring.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Nordsida av Jølstravatnet
    • Toppunkt: 1385
    • Høydemeter: 1105
    • Himmelretning: Søraust
    • Bratteste punkt: 27-30 grader
    • Startsted: Indrebø og Dalebø
    • Tid opp/ned: 5-10 timar
    • Beste sesong: Januar - april

    Veslebror Litlebotsegga har òg mykje bratt skikøyring å by på, og du opplever den langt frå liten når du skal nå toppen. Sjølv om anmarsjen frå Indrebø til Gotdalsstøylen er noko lang, har du nesten garanti for å finne begge fjellbrørne kledde i urørt snø – klare for dine førstespor. 

    Tilkomst/parkering: Ta av E39 ved Ålhus til Indrebø og finn høveleg parkering ved vegen mellom Indrebø og Dalebø. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint på våren kan ein parkere lenger inne på skogsvegen etter å ha betalt bompengar.

    3.6.1 Opp Grønlifjellet via Litlebotnen og Søraustryggen Utfordrande, E2, GV

    Den første delen av turen følgjer du traktorvegen vel fire kilometer til Gotdalsstøylen. Frå stølen finn du det slakaste terrenget ved å gå noko nordaustover, og opp i Tolsbotnen. Derifrå held du høgda over i Litlebotnen, men det er òg mogeleg å gå meir direkte opp i Litlebotnen. Frå Litlebotnen følgjer du ryggen som stig i nordvestleg retning opp mot toppen.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Sesong: Januar - april
    • Himmelretning: Søraust
    • Stigning: 1105 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 27-30 grader (900-1000 moh. og 1230-1340 moh.)
    • Tips: Ruta opp egga kan opplevast brattare enn målingane tilseier på grunn av at egga er nokså smal med skavlar mot aust. Frå toppen kan du følgje ryggen vidare mot Litlebottsegga for å få ein fin rundtur.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    3.6.2 Ned Grønlifjellet via Litlebotnen Utfordrande, E1, GV

    Ned den austvende sida frå toppen mot Litlebotnen kan du velje mange ulike linjer av varierande brattheit. Det slakaste terrenget finn du om du først køyrer nordaustover ned ryggen i retning Litlebottsegga. Vidare held du lengst nord i sida og følgjer ei forseinking i terrenget heilt ned i Litlebotnen. Herifrå køyrer du ned rett aust for elva frå botnen og vidare ut til Gotdalsstøylen og ruta du følgde opp.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Aust og sør
    • Fall: 1105 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 34-36 grader (1070-1000 moh.), 29-32 grader (860-750 moh.) og 24-26 grader (1200-1070 moh. og 1000-900 moh.)
    • Farar: Dei første ti høgdemetrane frå toppen kan vere bratte, 35-40 grader avhengig av snøforhold/skavldanning
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.6.3 Opp Litlebottsegga via Søraustryggen Utfordrande, E2, GV

    Frå Indrebø følgjer du traktorvegen inn dalen fram til Gotdalsstøylen. Etter Gotdalsstøylen dreiar du gradvis frå nord mot nordaust opp og inn i Tolsbotnen. Ved enden av Tolsbotnen går ruta nordvest langs ryggen. Følg ryggen heilt til det slakkar litt ut mot toppen av Litlebottsegga.

    • Tid: Lang 5-10 timar
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Sør
    • Stigning: 1070 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg og dal
    • Brattaste punkt: 27-29 grader (1020-1090 moh.) og 25-27 grader (1260-1320 moh.) 
    • Tips: Ruta kan brukast som retur ved ustabile snøforhold i flanken. Frå Litlebottsegga kan du gå vidare over egga til Grønlifjellet for å få ein rundtur.
    • Farar: Skavldanning langs ryggen frå 990 moh. og mot toppen. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    3.6.4 Ned Litlebottsegga via Tolsbotnen  Utfordrande, E2, V

    Nedkøyringa startar søraust for toppen og går ned ei  jamn og fin side til Tolsbotnen. Her kan ein velje kor bratt ein vil køyre. Snøen i øvste del av nedkøyringa vert lett påverka av vêrtilhøva. Frå Tolsbotnen følgjer du same veg ned som opp.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Sør
    • Fall: 1070 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 30-40 grader (1150-900 moh.)
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Nordsida av Jølstravatnet med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå