FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Gottopphesten og Sunnfjordbjørnen

Desse fjelltoppane har namn frå sterke og kraftfulle dyr, og Sunnfjordbjørnen framstår som kongen blant fjellskiturar i området. Ein tur til Sunnfjordbjørnen via Gottopphesten er ei majestetisk oppleving frå start til slutt.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Fjellskiturar
    • Toppunkt: 1615
    • Høydemeter: 1598
    • Kilometer: 23
    • Kart: Norge-serien: Førde 1:50.000
    • Startsted: Byttevatnet
    • Beste sesong: Mars – juni
    • Ekstra utstyr: Breutstyr

    Frå du set det første stavtaket ved den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet ligg alt til rette for storslåtte naturopplevingar for kvar høgdemeter oppover. Langs ryggen mot Gottopphesten kan du i ro og mak kvile auga over eit mektig bre- og fjordlandskap, medan bilturistane tek sjølviar frå den svevande plattforma ”Utsikten” 500 høgdemeter under deg. 

    Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til Moskog og tek av til fv13 mot Balestrand. Denne vegen går vidare mot Gaularfjellet. Frå Førde er det om lag 40 km til Viksdalen. Du kan og komme deg til Viksdalen ved å køyre av E39 på Sande og inn på fv13 mot Gaularfjellet. Fv13 over Gaularfjellet vert ofte vinterstengd ved Langestølen, som ligg ein km aust for Byttevatnet. Du kan parkere og starte turen ved bommen her. På våren vert vegen ofte brøytt fram til Kviteforklefossen, som er om lag ein km vest for Nystølsvatnet. Her er det ein parkeringsplass på sørsida av fylkesvegen.

    • Sesong: Mars – juni
    • Stigning: 1598 høgdemeter
    • Fall: 1598 høgdemeter
    • Lengde: 23,0 km
    • Utstyr: Breutstyr
    • Kart: Norge-serien: Førde 1:50.000
    • Tips: Sidan Gaularfjellet er vinterstengt er turen mest aktuell som vårskitur

    8.1.1 Gaularfjellet - Gottopphesten Utfordrande, E2, LV

    Før vegen over Gaularfjellet vert opna om våren, følgjer du den fram til Nystølshaugane. Ta av i nordaustleg retning opp mot høgda 919 moh., og sving deg vidare oppover mot nordaust mellom dei to høgdedraga på 1075 moh. Gå nordover gjennom eit litt brattare parti opp til Nystølseggi, der du får flott utsikt i nordaustleg retning fram til Vardeggi, som er neste høgde du skal passere på ryggen. Frå Vardeggi held du fram i nordaustleg retning mot høgda 1406 moh. og vidare til høgda 1356 moh. Her har du toppen av Gottopphesten like nordaust for deg. På grunn av den bratte sida ned frå Gottopphesten må du runde toppen for å kome opp. Under toppen følgjer du ein hylleformasjon fram til platået på 1377 moh. Her følgjer du ryggen mot søraust til du når toppen av Gottopphesten på 1494 moh.

    • Starthøgde: 750 moh. 
    • Stigning: 885 høgdemeter
    • Fall: 160 høgdemeter
    • Lengd: 7,3 km
    • Brattaste punkt: 27-30 grader (1330-1350 moh.)
    • Farar: Fare for utgliding ved hyllepassasjen under Gottopphesten dersom det er skareføre
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    8.1.2 Gottopphesten - Sunnfjordbjørnen Utfordrande, E1, LV

    Ønskjer du å gå vidare til Sunnfjordbjørnen, går du attende til platået på 1377 moh. Herifrå følgjer du ryggen som ligg mellom Norddalsvatnet og Skaddalsvatnet i nordvestleg retning mot høgda 1487 moh. Siste stykket opp mot toppen av Sunnfjordbjørnen går i relativt flatt landskap i nordaustleg retning.

    Heimtur: Du følgjer same ruta ned som opp. Du kan og nytte oppstigningane og nedkøyringane til Sunnfjordbjørnen frå Haukedalen som retur. Desse finn du under toppturskildringane til Sunnfjordbjørnen i kapittelet Røyrvikfjellet og Haukedalen. 

    • Stigning: 343 høgdemeter
    • Fall: 210 høgdemeter
    • Lengd: 4,2 km
    • Brattaste punkt: 25-27 grader (1420-1480 moh.)
    • Farar: Deler av ruta går over bre
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart med inntegnet rute over fjellskiturar i Sunnfjord. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Utsikt mot Sognefjorden. Foto: Ole Skagen. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå