FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Gotdalsnipa

Gotdalsnipa er ein av klassikarane i fjella rundt Ålhus, og har blant lokale vore ein fast skitur i påska.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Nordsida av Jølstravatnet
    • Toppunkt: 1249
    • Høydemeter: 970
    • Himmelretning: Sør
    • Bratteste punkt: 25-28 grader
    • Startsted: Indrebø og Dalebø
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember – april

    Oppstigninga via Fjellstøylen gir utsikt over noko av det vakraste vinterlandskapet Jølster har å by på. Nedkøyringa i Steinbotnen gir mogelegheit for varierte ruteval med helling som kan passe ulike nivå ned mot Gotdalsstøylen, som ligg i hjartet til eit av dei vakraste dalføra i Jølster.

    Tilkomst/parkering: Ta av E39 på Ålhus mot Indrebø og fv454. Parkering langs vegen mellom Indrebø og Dalebø. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området.

    3.7.1 Opp via Fjellstøylen Enkelt, E1, LV

    Denne ruta gir den finaste rundturen på fjellet og ei stor naturoppleving med variert natur og vakker utsikt over Ålhus og vestre del av Jølstravatnet. På Dalebø startar du turen ved å følgje traktorvegen vel 200 meter før du tek av til høgre, og følgjer lia skrått opp i nordaustleg retning. Etter å ha passert Fjellstøylen, held du fram i same retning mot Fossegrova som du følgjer oppover på austsida mot Nonsnipa (1110 moh.). Deretter følgjer du fjellryggen som fører opp til Gotdalsnipa.

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 280 moh.
    • Sesong: Desember – april
    • Himmelretning: Sør
    • Stigning: 970 meter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 25-28 grader (370-560 moh.)
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.7.2 Ned via Steinbotnen Utfordrande, E1, GV

    Det mest vanlege er å køyre ei litt brattare linje rett sørover frå toppen direkte ned i Steinbotnen, men om du ønskjer slakare terreng kan du følgje ryggen ned mot skaret før Nonsnipa. Frå Steinbotnen renn du vidare vest mot Gotdalsstøylen. Du kan køyre ned på begge sider av Geitafossgrova. Frå Gotdalsstøylen følgjer du traktorvegen attende til Indrebø.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Sør og vest
    • Stigning: 970 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side og dal
    • Brattaste punkt: 30-34 grader (1140-980 moh.)
    • Tips: Denne ruta kan nyttast som oppstigning og er aktuell på våren når ein kan køyre inn skogsvegen. Ein fin rundtur frå Årdalen til Ålhus er å følgje ruta Dalefjellet via Aksla og fortsette langs ryggen til Nonsnipa, vidare til toppen og Ned Steinbotnen.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Nordsida av Jølstravatnet med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart over Nordsida av Jølstravatnet med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    FRIFLYT.NO
    +
    Oversiktskart over Nordsida av Jølstravatnet. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Turområde

    Nordsida av Jølstravatnet

    Fjella i dette området strekker seg frå Eikås heilt vest i Jølster til Skei med
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå