6.6.1 OPP VIA NESSTØLEN UTFORDRANDE, E1, LV

Du følgjer skogsvegen opp til Nesstølen på 605 moh. Frå ­stølen går du først nordaust mot ryggen, som du følgjer vidare i ­nordleg retning opp til toppen. 

Nedkøyring: Same ruta kan nyttast som nedkøyring.

  • Tid: Middels 3-6 timar
  • Starthøgde: 305 moh.
  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Sør
  • Stigning: 720 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Rygg
  • Brattaste punkt: 27-30 grader (670-690 moh.) 27-30 grader (740-760 moh.)
  • Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs stølsstien frå om lag 450 moh. til 500 moh. 
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

6.6.2 NED VIA FJELLMYRANE UTFORDRANDE, E1, LV

Fjellmyrane er det lokale namnet på det flatare partiet sør for Gjerlandsstølen. Frå toppen har du ei lang fjellside der du kan legge sporet alt etter ferdigheiter og snøtilhøve.  Frå ­Gjerlandsheia køyrer du mot søraust og følgjer den svake ­skålformasjonen ned mot Gjerland. Etter det litt bratte partiet kan du leike deg med skogsskøyring heilt ned til bilen. 

  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Søraust
  • Fall: 720 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 27-30 grader (900-850 moh.)
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

6.6.3 NED VIA NESELVA UTFORDRANDE, E1, LV

Frå toppen køyrer du i sørvestleg retning til du kjem inn i den nordvende skålformasjonen. I enden av denne legg du sporet på austsida av Neselva ned til Nesstølen. Frå stølen følgjer du same ruta ned som du gjekk opp. Det er fin skogskøyring mellom svingane i skogsvegen.

  • Sesong: Desember - april
  • Himmelretning: Sør
  • Fall: 720 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 25-26 grader (720-660 moh.)
  • Farar: Du er eksponert for bratt ­terreng over deg langs ­stølsstien mellom om lag 500 moh. til 450 moh.