FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Geitebotsfjellet og Knausen

Geitebotsfjellet er eit av dei to høgste fjella i Gaular, og byr på fleire spennande nedkøyringar. Her kan du velje mellom luftig og bratt skikøyring ned Pallefjellet, eller sette att nokre store jamne svingar i sidene ned Geitebotnen eller Blådalen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Viksdalen
    • Toppunkt: 1354
    • Høydemeter: 915
    • Himmelretning: Nord
    • Bratteste punkt: 24-27 grader
    • Startsted: Myravatnet
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Desember - mai

    I Blådalen gøymer den fine villsnøen seg i le for vestavinden. Her finn du ofte gode snøtilhøve. På veg opp til Geitebotsfjellet passerer du Knausen, som er eit godt alternativ for ein kortare topptur.   

    Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare mot Myravatnet. På Hoffslåttene, i vestre ende av Myravatnet, finn du parkering ved skulehuset.  

    7.4.1 Opp Geitbottsfjellet via Hovstølen UTFORDRANDE, E1, LV

    Frå Hoffslåttene kryssar du Gaula over brua ved elveutløpet frå Myravatnet. Følg Fossestien langs Myravatnet til Hovstølen. Deretter svingar du sørover langs foten av Knausen mot høgdedrag 798 moh. Så tar du deg opp i skaret mellom Knausen og ryggen vidare mot Pallefjellet og Geitebotsfjellet. Følg ryggen til toppen. 

    • Tid: Middels 3-6 timar
    • Starthøgde: 440 moh.
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning: Nord
    • Stigning: 915 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 24-27 grader (800-870 moh.), 24-27 grader (1260-1300 moh.)
    • Tips: Denne oppstigninga kan du òg nytte som nedkøyring
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    7.4.2 Ned Geitbottsfjellet via Blådalen UTFORDRANDE, E1, LV

    Frå toppen av Geitebotsfjellet sklir du søraust, og nedover mot eit dalføre som leiar ned til Blådalen. Her ligg det ofte fin snø som er verna mot vêr og vind av fjella rundt. No har du eit fint renn mot Blådalsvatnet. Her kan det vere lurt å halde litt høgde, slik at du kjem deg lett til enden av vatnet. Følg gjelet mot nordaust og renn vidare i nordvestleg retning mot Knausen. Herifrå kan du følgje dine eigne spor tilbake til bilen. 

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nordaust
    • Fall: 915 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 27-29 grader (1130-1080 moh.), 23-27 grader (1300-1180 moh.)
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    7.4.3 Ned Geitbottsfjellet via Torleden UTFORDRANDE, E2, V

    Nedkøyringa går nord mot Torelden langs den breie ryggen. Vest for ryggen stuper fjellet ned i Geitebotnen så her må du halde avstand frå fjellkanten. Frå Torelden følgjer du ryggen ned til Rindebotsvatnet. Herifrå køyrer du nord for Rindebotselva  i morosamt skogsterreng til det flatar ut. Du kan krysse elva ved Likholefossen like aust for Litlevatn eller ved Myravatnet der turen starta.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nord 
    • Fall: 915 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 30-35 grader (800-700 moh.), 27-32 grader (1000-900 moh.)
    • Tips: Du kan med fordel gå same ruta opp for å gjere deg kjend med skrentar og stup
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.

    7.4.4 Ned Geitebotsfjellet via Geitebotnen UTFORDRANDE, E1, GV

    Ruta ned Geitebotnen gir deg ei lang og samanhengande side med fin skikøyring. Frå toppen av Geitebotsfjellet sklir du rett vestover langs ryggen, til høgdedraget på 1295 moh. Her kan du velje kor bratt du vil køyre. Frå Geitebotnen må du traversere austover over Geitebotsvatnet mot Torelden. Herifrå følgjer du same vegval som skildra under ruta Ned via Torelden.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nord
    • Fall: 915 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 30-35 grader (800-700 moh.), 27-32 grader (1260-1120 moh.)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    7.4.5 Opp Knausen via Hovstølen UTFORDRANDE, E1, LV

    Frå Hoffslåttene kryssar du Gaula over brua ved elveutløpet frå Myravatnet. Følg Fossestien langs Myravatnet til Hovstølen. Deretter fortset du sørover til du er ved nordaustsida av Knausen. Følg denne sida til toppen. 

    Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 440 moh.
    • Sesong: Desember - mai
    • Himmelretning. Aust
    • Stigning: 500 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Side
    • Brattaste punkt: 25-27 grader (800-870 moh.)
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Viksdalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå