1.3.1 Opp via Holefjellet Enkelt, E1, L

Frå parkeringsplassen går du sørover, og legg sporet like aust for Storevassheia. Du held fram i same retning til du har passert aust for Holefjellet og vidare mot Skinnbroka. Før Skinnbroka svingar du mot vest opp mot Fauskevarden. 

Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same vegen som du gjekk opp.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Starthøgde: 460 moh.
  • Sesong: Desember – april
  • Himmelretning: Nord
  • Stigning: 400 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 25-27 grader (600-700 moh.)
  • Tips: Turen passar også godt som fjellskitur
  • Farar: Ligg ofte skavlar under nordsida av toppen
  • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.