3.1.1 Opp via Ytre Eikåsstøylen Utfordrande, E1, LV

Første del av turen går oppover langs ein skogsveg vest for Storegrova til nokre stølshus like sørvest for Ytre Eikåsstøylen. Stølen ligg ved tregrensa på 500 moh.  Vidare går turen jamt og slakt oppover mot toppen. På veg opp kan du komme borti nokre korte heng som er over 30 grader, men det er ikkje vanskeleg å legge ruta slik at ein unngår dei brattaste henga. 

Nedkøyring:  Det er mest vanleg å nytte same ruta som du gikk opp, men du finn og fine alternativ til nedkøyring litt sør for oppstigninga. Den mest brukte nedkøyringa frå Ytre Eikåsstøylen er å følgje skogsvegen. Like vest for skogsvegen kan du bryne deg på skogskøyring.

  • Tid: Kort 2-4 timar
  • Startshøgde: 180 moh.
  • Sesong: Januar – april
  • Himmelretning: Søraust
  • Stigning: 650 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 23-30 grader (550-800 moh.)
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.