FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Dalefjellet, Rabben og Tverrlifjellet

Fjellrekka rundt Torsbotn dannar ei bortgøymd skiperle i Årdalsdalen. Her er det ofte gode snøforhold i den austvende skålformasjonen, og sesongen kan vere ­overraskande lang.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Nordsida av Jølstravatnet
    • Toppunkt: 1039
    • Høydemeter: 730
    • Faremomenter: Øverst på ryggen ligg det som regel ein overhengande skavl mot nord.
    • Himmelretning: Aust og sør
    • Bratteste punkt: 25-32 grader
    • Startsted: Årdalsdalen
    • Tid opp/ned: 2-4 timar
    • Beste sesong: Desember – mai

    Frå Torsbotn har du god oversikt over alle mogelege oppstigningar og ­nedkøyringar, og du har gode mogelegheiter for å kunne ta fleire toppstøyt på same tur. T­­oppane kan kombinerast til ulike rundturar. Uansett kva rute du vel, vil du bli lønna med ­fantastisk utsikt. 

    Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og held fram opp Årdalsdalen på vestsida av dalen. Det er skilta toppturparkering ved enden av vegen med parkeringsavgift. Du kan òg køyre litt vidare til parkeringsplassen for lysløypa (parkeringsavgift).

    3.8.1 Opp Dalefjellet via Aksla Utfordrande, E1, GV

    Turen startar ved parkeringa til lysløypeanlegget i Årdalsdalen. Ruta følgjer lysløypa nokre hundre meter nordover langs traseen, til du får ein skogsveg på ­venstre side som går i nordvestleg retning mot ­Torsbotn. Følg skogsvegen til endes og legg deretter sporet langs Støylsgrova, gjennom bjørkeskogen opp mot Torsbotn. Når det flatar ut går du nordover mot den austvende ryggen som tek deg opp til Dalefjellet.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 315 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Aust og sør
    • Stigning: 730 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 25-32 grader (680-800 moh.)
    • Tips: Ein fin rundtur frå Årdalen til Ålhus er å følgje ruta Dalefjellet via Aksla og fortsette langs ryggen til Nonsnipa og vidare til toppen av Gotdalsnipa og ned Steinbotnen.
    • Farar: Øverst på ryggen ligg det som regel ein overhengande skavl mot nord. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.8.2 Ned Dalefjellet via Torsbotn Utfordrande, E1, GV

    Nedkøyringa startar mellom dei to høgdene 1039 moh. og 1077 moh. og går langs ei søraustvend side som dannar ein liten skålformasjon. Sida er jamn og fin med bratt skikøyring til du kjem ned i ­Torsbotn, der terrenget vert slakare. Frå kanten av ­Torsbotn og ned til skogsvegen er det fin skogskøyring.

    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Søraust
    • Fall: 730 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 26-33 grader (1000-800 moh.)
    • Tips: Det er fin skogskøyring ned mot skogsvegen du gjekk opp.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.8.3 Opp Rabben via Torsbotn Utfordrande, E1, LV

    Følg same ruta opp til Torsbotn som skildra under Dalefjellet. Gå deretter i vestleg retning inn i Torsbotn og vidare opp mot toppen. Mellom 700-830 moh. passerer du Blåsvoene, eit litt brattare parti i oppstigninga. Følg naturlege ryggformasjonar midt i sida. Oppstigninga gir god oversikt over alle aktuelle nedkøyringar til Torsbotn. Det er lett å ta seg vidare frå Rabben til dei omkringliggande toppane dersom du finn ei meir freistande nedkøyring undervegs. 

    Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga, men du kan velje ulike linjer for å variere brattheita i første henget.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 315 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Aust
    • Stigning: 720 høgdemeter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 29-32 grader (700-830 moh.)
    • Tips: Det er fin skogskøyring ned mot skogsvegen du gjekk opp.
    • Farar: Ver merksam på bratte parti mellom 830-700 moh. i nedkøyringa, som kan komme brått på når du kjem ovanfrå.
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.8.4 Opp Tverrlifjellet via Skinnhellerskorane. Utfordrande, E1, GV

    Du følgjer same ruta opp til Torsbotn som skildra under oppstigning til Dalefjellet. Frå Torsbotn går du i sørvestleg retning og opp den austvende ryggen mot Tverrlifjellet. Oppstigninga langs ryggen gir flott utsikt over Jølstravatnet. 

    Nedkøyring: Ruta langs denne austvende ryggen er òg fin som nedkøyring med småkupert terreng ein kan leike seg i.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Starthøgde: 315 moh.
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Aust
    • Stigning: 720 meter
    • Terrengformasjon: Rygg
    • Brattaste punkt: 25-33 grader (650 – 800 moh.)   
    • Tips: Det er fin skogskøyring ned mot skogsvegen du gjekk opp. 
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.8.5 Ned Tverrlifjellet via Torsbotn Utfordrande, E1, GV

    Frå toppen køyrer du austover til du kjem inn i skålformasjonen som går nordaustover mot Torsbotnen. Følg ruta du gjekk opp tilbake til parkeringa.

    • Tid: Kort 2-4 timar
    • Sesong: Desember – mai
    • Himmelretning: Nordaust
    • Fall: 720 meter
    • Terrengformasjon: Dal
    • Brattaste punkt: 24-27 grader (860 – 700 moh.)
    • Tips: Det er fin skogskøyring ned mot skogsvegen du gjekk opp.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Foto: Anne Cecilie Kapstad
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå