Møtepunkt på Jostedalsbreen. Foto: Leif Gabriel Kapstad. / Toppturar i Sunnfjord.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Dag 2 - Skei – Storaksla – Bjørga – Kvannebakknova – Bings gryte – Hanekammen - Høyset

Andre etappe er ein fullverdig maraton i distanse, og du må forsere fleire høgdemeter enn om du skulle gått Galdhøpiggen frå sjøkanten.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Sunnfjordruta
    • Høydemeter: 2666
    • Kilometer: 42

    Du startar med ein topptur til Bjørga og får deretter ei lang vandring over Jostedalsbreen, der du får med deg dei kjende landemerka Grensevarden og Bings gryte. Til slutt vert du lønna med nedkøyringa frå Hanekammen, som tidlegare er skildra som ei topptur-nedkøyring frå øvste hylle. 

    Opp til Bjørga

    Frå Skei følgjer du E39 nordover (1,5km) og tek av i krysset skilta mot Fossheim. Du startar turen frå kraftverket på Fossheim og følgjer skogsvegen til endes ved demningen. Her kryssar du elva over brua og går søraustover til Indre Fossheimsstøylen. Ruta går opp Litleaksla til toppen av Storaksla, og vidare på ryggen som svingar seg mot Bjørga.

    Ned til Befringsdalen

    Frå Bjørga køyrer du ned mot Rambjørgebotnen. Når terrenget flatar ut nærmar du deg det brattaste partiet i nedkøyringa. Her finn du den slakaste linja ved å halde deg eit stykke vest for elva som renn ned Rambjørgebotnen. Nedst i Rambjørgebotnen går du austover og rundar foten av Bjørgjaryggen, før du kryssar Loneelva. Her går du vidare mot Skaret og Strupen.  

    Opp til Hanekammen

    Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova. Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under Kvannebakknova, mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet. Sidan det er få referansepunkt på breplatået, kan det vere vanskeleg å orientere seg. Ta ut kompasskurs frå Snoadvarden mot høgda 1656 moh. og 1622 moh., som ligg i søraustleg retning. Du er no på det mange kallar «Noregs tak». Ved 1734 moh. går du i nordaustleg retning via 1658 moh. mot Grensevarden som du passerer på den vestlege sida. Frå denne går du nordover mot Bings gryte, som ligg på eit av dei smalaste partia av Jostedalsbreen. Frå Bings gryte har du ein svak motbakke mot nordaust inn mot det store breplatået. Deretter dreiar du i nordvestleg retning mot høgda 1607 moh., og legg ruta vidare mot høgda 1605 moh. Herifrå følgjer du ryggen mot Hanekammen.

    Ned til Høyset

    Frå toppen køyrer du ned til Tverrfjellet. Herifrå held du fram i sørvestleg retning mot Jostebotnen, der du følgjer Tverrelva vidare ned mot dalføret. Du kan krysse elva som går gjennom Haugadalen over bru nord for Haugastøylen. Etter å ha passert Haugastøylen følgjer du skogsvegen i Haugadalen vidare ned mot Høyset. Det er om lag 5.5 km frå der du kjem ned til Høyset til Stardalen Hyttegrend.

    • Starthøgde: 220 moh. ved start på Fossheim. Om skogsvegen er brøytt, kan du ordne transport opp til demningen på ca 500 moh.  
    • Stigning: 2666 høgdemeter 
    • Fall: 2538 høgdemeter
    • Lengd: 42 km
    • Kart: Du finn meir informasjon og fakta om delane av etappen i kapittelet Skei og Stardalen; Bjørga 1551 moh og kapittelet Fjellskiturar; Kvannebakknova – Hanekammen, samt kapittelet Skei og Stardalen; Hanekammen 1651 moh.
    • Tips: Dersom Loneelva etter Bjørga er stor og utfordrande å krysse kan du frå Rambjørgebotnen følgje vestsida av elva nedover og krysse over hengebru ved Befringsstøylen. Frå Befringsdalen kan du enkelt komme deg ned til Befring i Stardalen dersom du må avbryte etappen. Når du passerer Snoadvarden kan du legge ruta innom Kvannebakknova. Her ligg det ei nødbu, Kvannebakkbu, med sengeplass til fire-fem personar. Under orientering på bre er det lurt å rekne ut distanse og estimere tidsbruk mellom referansepunkt. Legg merke til høgdeendringar i terrenget, eller følg med på høgdemålar. Ved Bings gryte kan du velje nedkøyringa Ned ved Geitafjellet for å komme til Tverrdalen og gardane på Fonn. Du finn informasjon om nedkøyringa i kapittlet Skei og Stardalen i skildringane for turen Bings gryte. 
    • Farar: Skavldanning langs ryggen av Storaksla og vidare mot Bjørga. Ver òg merksam på skavldanning og bregleppa like under toppen av Bjørga. Delar av nedkøyringa går på snødekt bre. Seint på sesongen kan det vere svake snøbruer over vassrike elvefar både i elva frå Rambjørgebotnen og ­Loneelva. Om Loneelva er opa kan denne by på ­utfordrande vading. Ved skare er det fare for utgliding under traversen i sida under Kvannebakknova. I same partiet kan du vere eksponert for skavldanning som ofte heng langs austsida av topplatået. Ferdsel over snødekt bre på Jostedalsbreen.  Sørvestvend nedkøyring frå Hanekammen er utsett for solpåverknad utover dagen. Det flate partiet langs skogsvegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket
    • Overnatting: I Stardalen kan du bu på hytter av god standard i Stardalen Hyttegrend
    • Mat: Du må ha med deg all mat du treng til etappen. Matbutikkar på Skei
    • Tilkomst: For transport før og etter etappen kan du nytte Skei Taxi
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart over Sunnfjordruta med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Matpause ved Bings gryte. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå