Grovabreen. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
Grovabreen. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Dag 1 - Gaularfjellet – Gottopphesten – Sunnfjordbjørnen – Grovabreen – Sægrov

Første etappen går over både Jostefonni og Grovabreen, som gir ein lang dag med mange høgdemeter både opp og ned.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Sunnfjordruta
    • Toppunkt: 2153
    • Høydemeter: 2153
    • Kilometer: 27.5
    • Faremomenter: Store delar av etappen går over snødekt bre. Fare for utgliding. Sigesprekker på svaberg i nedre kant av Grovabreen på ruta til Sægrov

    Du kan nyte morgonstunda med utsikt til Sognefjorden omkransa av fjellrekker forankra i sjøkanten, og avslutte kvelden med ei nedkøyring til foten av dei blankskurte fjellsidene som stuper ned i Kjøsnesfjorden.

    Opp til Sunnfjordbjørnen

    Før vegen over Gaularfjellet vert opna om våren, følgjer du denne fram til Nystølshaugane. Ta av i nordaustleg retning og passer høgda 919 moh. på veg til høgdedraget på 1075 moh. som ligg over Skarvedalsvatnet. Her svingar du aust opp eit litt brattare parti til Nystølseggi, før du fortset i nordaustleg retning til Vardeggi, som er neste høgde du skal passere på ryggen. Frå Vardeggi held du fram i same retning mot høgda 1406 moh. og vidare til høgda 1356 moh. Under toppen av Gottophesten følgjer du ein hylleformasjon fram til platået på 1377 moh. Følg så ryggen som ligg mellom Norddalsvatnet og Skaddalsvatnet i nordvestleg retning mot høgda 1487 moh. Siste stykket opp mot toppen av Sunnfjordbjørnen går i relativt flatt landskap i nordaustleg retning. 

    Ned til Grøningsdalen

    Frå Sunnfjordbjørnen køyrer du nordover inn i ei lang fjellside der du kan leike deg i variert terreng. Hald deg langs dei små ryggformasjonane i terrenget. Frå Skålebotnen køyrer du i nordaustleg retning mot Mevatnet og kryssar elva vest for vatnet. 

    Opp til Grovabreen

    Frå Mevatnet går du i nordvestleg retning langs hylleformasjonen som går opp mot Sandbotsfjellet. Herifrå går du vidare mot høgda 1515 moh. og følgjer ryggen til høgda 1495 moh. Her tek du ut kompasskurs mot det opne bergpartiet i nordaust, og deretter mot høgste punktet på breen på 1636 moh. Legg så kursen i nordvestleg retning mot berget som stikk opp av breen på 1564 moh. 

    Ned til Sægrov

    Frå toppunktet 1564 moh. køyrer du nordover ned sida mellom Vidunderdalsvatnet og Langeheia. Ned dalføret held du deg på austsida av elva mot Sægrovstøylen. Frå stølen følgjer du stien ned til Sægrov. Vanlegvis må du gå til fots det siste stykket på grunn av tett skog og bratt terreng.

    • Starthøgde: Når Gaularfjellet er vinterstengd, må du starte turen ved bommen på Langestølen ca 500 moh. Herifrå er det ca 7 km til starten ved Nystølshaugane på 750 moh. Ut på våren vert det ofte brøyta fram til Kviteforklefossen, før vegen opnar heilt
    • Stigning: 2153 høgdemeter 
    • Fall: 2679 høgdemeter
    • Lengd: 27,5 km
    • Kart: Du finn meir informasjon og fakta om delane av etappen i kapittelet Fjellskiturar: Gottopphesten 1494 moh og Sunnfjordbjørnen 1615 moh, kapittelet Rørvikfjellet og Haukedalen; Sunnfjordbjørnen 1615 moh og kapittelet Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden: Grovabreen 1585 moh; Ned Grovabreen via Sægrovstøylen
    • Tips: Etter nedkøyringa frå Sunnfjordbjørnen kan du frå Grøningsstølsdalen ta deg ned til Haukedalen og leige overnatting her, dersom du ønskjer å dele opp etappen
    • Farar: Store delar av etappen går over snødekt bre. Fare for utgliding ved hyllepassasjen under Gottopphesten, og på ryggen mellom Sandbotsfjellet og Grovabreen dersom skareføre. Sigesprekker på svaberg i nedre kant av Grovabreen på ruta til Sægrov
    • Overnatting: På Skei kan du overnatte på Thon Hotel Jølster (thonhotels.no). Lunde Turiststasjon (turiststasjon.no) har òg hytter til leige inst i Kjøsnesfjorden.Jølster har fleire andre overnattingsstadar som kan vere aktuelle, sjå Jølster365 (jolster365.no) for meir ­informasjon
    • Mat: Thon Hotel Jølster har restaurant og det er kort gåavstand til to daglegvarebutikkar. Det er gåavstand til daglegvarebutikk frå Kjøsnes Feriehytter og Skei Servicenter. Hos Lunde Turiststasjon kan du gjere avtale med utleigar eller ha med mat
    • Tilkomst: Det er om lag 5 km frå der etappen endar på Sægrov til Skei sentrum. For transport vidare kan du nytte Skei Taxi
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
    Kart med inntegnet rute av Sunnfjordruta. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Kart med inntegnet rute av Sunnfjordruta. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Ned mot Sægrov frå Grovabreen. Foto: Olav Sægrov. / Toppturar i Sunnfjord.
    Ned mot Sægrov frå Grovabreen. Foto: Olav Sægrov. / Toppturar i Sunnfjord.
    FRIFLYT.NO
    +
    Utsikt frå Snønipa i Jølster. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord
    Turområde

    Sunnfjordruta

    Sunnfjordruta går over tre etappar og strekker seg frå kongen av fjellskiturar, Sunnfjordbjørnen, til dronninga
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå