FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Bolsetnipa

I området Skei og Stardalen er Bolsetnipa fjellet som har dei snillaste og mest familievennlege bakkane.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnfjord
    • Underområde: Skei og Stardalen
    • Toppunkt: 1214
    • Høydemeter: 980
    • Faremomenter: Det er skavldanningar mot nord og aust på toppunktet
    • Himmelretning: Sørvest og vest
    • Bratteste punkt: 25-27 grader
    • Startsted: Fossheim kraftverk
    • Tid opp/ned: 3-6 timar
    • Beste sesong: Januar - mai

    Både oppstigninga og toppunktet gir eit vidt spenn av naturkontrastar ved at du kan kvile auga på både tronge dalføre, Jostedalsbreen og Jølstravatnet. Nedkøyringa går i ei lang og naturleg tilrettelagt, fin side. Bolsetnipa passar alle generasjonar som vil besøke høge kvite toppar. 

    Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 og tek av der det er skilta mot Fossheim. Tidleg på sesongen finn du parkering ved Fossheim kraftverk. På våren kan du mot avgift køyre opp skogsvegen til Fossheimsdalen. 

    4.4.1 Opp via Bolsetbotn Enkelt, E1, L

    Frå Fossheim kraftverk går du opp heile skogsvegen mot Fossheimsdalen. Ved enden av vegen kryssar du brua over Fossheimselva, og følgjer dalformasjonen austover mot Bolsetbotn. Inst i botnen held du fram i same retning, og svingar deg nordover mot høgda 1229 moh. Du går forbi Grepstanibba på vegen mot toppen av Bolsetnipa. 

    Nedkøyring: Det er vanleg å nytte same ruta ned som opp.

    • Tid: Middels 3-6 timar 
    • Starthøgde: 230 moh. (520 moh. ved demningen i Fossheimsdalen)
    • Sesong: Januar - mai
    • Himmelretning: Sørvest og vest
    • Stigning: 980 høgdemeter (700 høgdemeter frå demningen i Fossheimsdalen)
    • Terrengformasjon: Side 
    • Brattaste punkt: 25-27 grader (1050-1100 moh.)
    • Farar: Det er skavldanningar mot nord og aust på toppunktet
    • Vanskegrad: Lett. Stor jamn  side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Kart over Skei og Stardalen med inntegnet rute. Frå Toppturar i Sunnfjord.
    Foto: Eli Skrede. / Toppturar i Sunnfjord.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå